Hva leter du etter?

Lesetips for ungdom og unge vaksne

Ungdomslesarar er litt vanskeleg å avgrensa på alder, difor har me ei hylle på kulturbiblioteket som me har kalla Ung voksen. Her finn du eit håndplukka utval av bøker både frå ungdomsavdelinga og frå vaksen skjønnlitteratur. Her kjem nokre boktips for undom og unge vaksne.

Du og jeg ved daggry av Sanne Munk Jensen

Dette er ei dramatisk ungdomsbok der alt som kan gå galt går galt. Boka byrjar med at Louise og Liam blir funne døde i sjøen lenka saman. Deretter får me to parallelle historier. Louise fortel om korleis ho møtte Liam, om familien hans, om den store forelskinga, og om dei litt suspekte vennane Liam får etter kvart. Samstundes følgjer Louise etter foreldra som prøver å få kvardagen til å gå rundt etter at ho er død. Ho har nok ikkje hatt eit veldig nært forhold til foreldra sine som ungdom. Men det er akkurat som ho får eit meir nyansert bilete av dei etter kvart som ho ser korleis dei taklar sorga.

Som lesar har ein lyst til å hoppa inn i forteljinga og rista i Louise og Liam og fortelja dei at dei ikkje kan leva slik! Snakk med foreldra dykkar! Men historia er truverdig. Det er mange tilfeldigheiter som fører Louise saman med Liam, og det er tilfeldigheiter som fører Liam ut i problem, og problema veks så fort at dei blir vanskelege å handtera. Det er lett å sjå føre seg kor blenda av kjærleiken Louise er. Ho er ung og trur ikkje ho treng å reflektera over korleis ting utviklar seg, eller kva slags liv ho eigentleg ynskjer seg. Sånn kan det ende.. Grøss!
Anbefales!

Fordelene ved å være veggpryd av Stephen Chbosky

Dette er ei ungdomsbok skriven i brevform. Charlie skriv til ein ukjend mottakar og fortel om kvardagen sin. Han har litt vanskar med å finna seg til rette på High School, men etter kvart blir han med i ein vennegjeng med litt eldre elevar. Me blir godt kjent med søskena Sam og Patrick. Charlie blir forelska i Sam, men ho har kjærast. Patrick er homofil, og han har eit hemmeleg forhold til ein som ikkje er open om sin legning.

Charlie er veldig skuleflink, men i periodar har han det vanskeleg psykisk.

Det er umogleg å ikkje bli glad i Charlie. Han har ein sjarmerande måte å skriva brev på, med humor og varme. Alle personane er fargerike og interessante, og alle delane av historia er spanande. Denne boka kan eg anbefala på det varmaste til både unge og vaksne! Boka er filmatisert og filmen kan lånast på biblioteket: The perks of being a wallflower. Filmen er like fantastisk som boka. Den skildrar godt vennskapet mellom Charlie, Sam og Patrick og får fram den samme stemninga spm boka har.

Battle av Maja Lunde

Kva skjer når den vestkantjenta Amalie må flytta til østkanten fordi faren går konkurs? Kva skal ho sei til alle venninnene på danseskulen? Sjølv om det er ei tragedie for Amalie å flytta, så er det ein positiv ting med den nye bustaden. Ho møter ein hip-hopdansar som heiter Mikael. Amalie prøver å skjula alt, men etter kvart blir det veldig vanskeleg. Det blir mange forviklingar og spanande situasjonar.

Det eg likte best med boka var dansinga. Musikken og rørslene var så godt skildra at eg såg det for meg som ein film i hovudet medan eg las. Det høyres kanskje rart ut å lesa om dansing i staden for å sjå på dansing på film, men det fungerer veldig godt! Det er lett å leva seg inn i det lidenskaplege forholdet ho har til dans. Møtet med Mikael og hip-hop-dans er og godt skildra. Boka var lettlest, og forfattaren har klart å få med mange konfliktar og mykje handling på dei 232 sidene. Vennskap, kjærleik, forhold til foreldre, pengar, shopping, dans. Det er litt som å sjå ein film. Midt i blinken for jenter på ungdomskulen.

Alt jeg sier er sant av Lisa Bjärbo

Alicia er 17 år, ho er frykteleg lei skulen og vil at livet skal byrja! Ho kranglar med bestevenninna og med foreldra som meiner at det er galskap å slutta midt på videregåande. Men Alicia har bestemt seg, ho sluttar på skulen, flyttar inn hos bestemora, og får seg jobb på kafé. Snart blir ho forelska i ein gut som går på kaféen. Men alt er ikkje berre enkelt og greit i den nye kvardagen. Dette er ei bok om å bli vaksen, om å ta val, om kjærleik og om sorg. Humoristisk fortald frå Alicia sin synsvinkel. Ei bok å bli glad av.

Kjære av Linnea Myhre

Dei fleste har fått med seg kven Linnea Myhre er. Sinnablogger, deltakar på skal vi danse, og forfattar. I bøkene fortel ho ærlig om sitt liv.

I boka Kjære har Linnea Myhre skrive brev mellom anna til venner, foreldre, matprodusentar og redaktørar. I desse breva fortel ho om sitt liv, sin kamp mot spiseforstyrrelsen, korleis det er å vera ung idag med krav frå alle kantar om korleis ein bør vera og sjå ut. Boka er variert, lettlest og spesiell. Det er både humoristisk og sårt. Me får forståing for kor vanskeleg ho har hatt det, men ho viser og at ho er på veg ut av problema og har starta ein ny fase i livet. Det siste brevet som er skrive til kjærasten Sondre Lerche er kanskje det finaste av alle.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙