Hva leter du etter?

Fine kjærleiksbøker for ungdom

Eg har drøymd meg tilbake til ungdomstida med desse nydelege kjærleikshistoriane. 

Gayle Forman. Bare en dag.

17 år gamle Allyson er ei amerikansk jente på europareise. Ho er ei pliktoppfyllande og skuleflink jente, med ei mor som involverer seg veldig både i val av fritidsaktivitetar og fag på skule. Europareisen er ikkje i backpackerstil, men eit busslass av ungdomar som blir guida gjennom eit fastlagt program. Allyson hadde gleda seg til turen, men blir liksom ikkje like begeistra som ho trudde ho skulle bli.

Siste dag på europareisen lar ho seg overtala av venninna til å sjå eit Shakespeare-stykke av ein omreisande teatertrupp. Ho blir fascinert av guten som spelar hovudrolla, og når han foreslår å reisa på ein dagstur til Paris overraskar ho seg sjølv med å bli med. Han bestemte seg for å kalla ho for Loulou, og Allyson sjølv syntes det var greitt å vera ein «ny person» på denne reisa sidan ho aldri hadde gjort noko så impulsivt før.

Boka handlar om dei to denne dagen i Paris, men også kva som skjer når ho reiser heim og byrjar på universitetet. Impulsturen til Paris starta ein endringsprosess hos Allyson, og ho må ta oppgjør med seg sjølv, venner og familie etter kvart.

Allyson klarer ikkje å gløyma Willem, men dei veksla ikkje telefonnummer eller noko anna kontaktinformasjon, så ho veit ikkje korleis ho skal kunne finna han att. Ho er heller ikkje sikker på om ho ynskjer å finna han. For det skjedde noko i Paris som ho ikkje veit korleis ho skal tolka.

Gayle Forman. Bare ett år.

Dette er fortsetjinga av Bare en dag. Her møter me Willem, den nederlandske guten som tok med Allyson til Paris. Me får høyra hans bakgrunnshistorie, og hans versjon av kva som skjedde i Paris. Willem sin far er er død, og mora har reist til India for å driva eit legesenter. Willem saknar familien som den var. Han og mora har vanskeleg for å opna seg for kvarandre. Han har vore ute og reist verda rundt i over eit år. Han var blant anna med ein omreisande teatertrupp som spelte Shakespeare-stykker. Det var der han møtte jenta han kalla for LouLou.

Han tenkjer mykje på det som skjedde i Paris. Det var liksom noko særskild mellom han og Loulou. Men han veit ikkje korleis han kan finna ho att, for han veit ikkje eingang det verkelege namnet hennar. Me som lesarar får mange aha-opplevingar. For kvar nye opplysning me får om Willem setter det heile den andre boka i nytt lys.

Det er veldig fascinerande å sjå denne historia frå to sider. Når du les om Willem veit du alltid kvar Allyson er samstundes, og kva ho tenkte om akkurat det han kanskje opplevde på ein annan måte.

Rainbow Rowell: Eleanor & Park

Dette er ei ungdomsbok og ei kjærleikshistorie. Annakvart kapittel er frå synsvinkelen til Eleanor og Park. Eleanor har byrja på ny skule. Ho har raudt hår, og går i rare klede. Ho har ei mor som alltid roter seg bort i feil menn, og ho deler rom med sine mange søsken.

Park er ein populær gut på skulen der Eleanor byrjar. Han skil seg og ut fordi han har amerikansk far og asiatisk mor. Han møter Eleanor på bussen, og lar ho sitja ved sida av seg sjølv om regelen er at nye elever skal fryses ut. Dei snakkar ikkje saman, men etter ei stund får Eleanor låna teikneseriar av Park. Kvar dag bytar ho ordlaust teikneserien med ein ny. Og sakte men sikkert byrjar eit vennskap å veksa fram. Dei byrjar å veksla ord, dei held kvarandre i hendene og dei byrjar å vera saman hos Park etter skulen.

Eleanor fortel lite om korleis ho har det heime, og familien hennar får aldri høyra om Park. Men etter kvart blir det forviklingar både på skulen og heima.

Boka er nydeleg skrive. Det er kjempespanande å lesa frå to synsvinklar. Me veit kvifor Eleanor ikkje snakkar så mykje om familien sin, men når Park funderer og analyserer Eleanor trekker han sine eigne slutningar. Det same gjeld Eleanor. Berre me som lesarar ser og forstår begge to. Eg får lyst å hoppa inn i historia og hjelpa dei! Men det handlar om å bli kjend med kvarandre, om å opna seg for kvarandre, og at me alle har ei historie med oss. Noko vil me visa kvarandre, medan andre ting vil me skjula.

Rainbow Rowell: Fangirl

Cath og tvillingsøstera Wren skal byrja på college. Då dei var ganske unge reiste mora deira frå dei. Etterpå var det berre dei to, og den litt eksentriske faren. Cath og Wren er like av utsjånad, men ganske ulike elles. Wren er utadvendt og glad i festar og gutar. Cath er glad i bøker. Ho elskar fantasy, og særskild bøkene om Simon Snow. Hennar største interesse og hobby er fanfiction. Ho skriv historiar om karakterane i Simon Snow-bøkene. På fanfiction-sider på internett er ho svært populær.

På college kaster Wren seg ut i ungdomslivet. Men Cath held seg for seg for seg sjølv, og synest det er skummelt å snakka med nye folk. Likevel blir ho sakte men sikkert kjend med romkameraten og vennen hennar. Særskild takka være den smilande, utadvendte, positive, sprudlande og kjekke Levi.

Cath tek eit skrivekurs på College, men ho bruker meir tid på fanfictionen sin enn skulearbeidet. Innimellom får me utdrag frå Simon Snow-historiane til Cath. Ho har utruleg mange følgjarar som ventar på oppdateringar på hennar versjon av siste bok i serien.

Dette er ei nydeleg ungdomsbok som handlar om familie, vennskap og den første kjærleiken. Det er skrive realistisk og truverdig i eit godt språk. Boka fungerer for den litt eldre lesaren og, for det er lett å kjenna seg att i deler av historia når ein tenkjer attende til ungdomstida.

Elen Betanzo: Og hjertet mitt bare

Emma bur i Stavanger og skal byrja i 10.klasse. Den sommaren blir ho forelska i Hester som er halvt amerikansk. Men han har berre sommarjobb i Noreg, han går på skule i USA. Dei nærmar seg kvarandre forsiktig, og har ein fantastisk sommar saman.

Ho byrjar 10.klasse med kjærleikssorg. Hester skriv meldingar og e-post til ho, men ho finn ikkje ord til å svare med, for ho er berre trist og saknar han. Ho prøver å gå vidare, og blir med på fester og fortsetter å utforska ungdomslivet. Det blir mange festar, alkohol, nye venar, nye gutar. Det er ikkje lett å finna ut kven som er ekte venner, og kven som er oppriktig interessert i deg. Det er mykje ein må finna ut av når ein er 15.

Skal ho til dømes bli med bestevenninna når ho vil heim frå festen, eller skal ho bli att åleine for å oppleva noko spanande? Kanskje gløymer ho at venninna kan bli lei seg. Kanskje er ho litt full, og saknar å føla seg elska. Kanskje ho tek ein sjans og stolar på ein gut ho akkurat har møtt fordi han er kjekk og gjer ho komplimenter.

Det eit poetisk og enkelt språk. Mykje blir fortald med få ord. Her er det mykje ein kan kjenna seg att i. Enten ein er gut eller jente, populær eller utanfor.

Sandra Beijer: Det handlar om dig

Denne las eg på svensk, det var overraskande lett, og det gav noko ekstra til heile opplevinga. Eg følte det som eg såg ein svensk ungdomsfilm i hovudet.

Eg-personen er ei femten år gammal jente som blir stormforelska i ein russisk/svensk gut. Me får korte glimt av møter på festar, i skulegarden, framfor dataen, med mobilen. Ho tenkjer berre på han, på dei kantete skuldrene hans, det mørke håret, dei kjappe russiske frasene han lirer av seg. Det er ein altoppslukande kjærleik. Det minner litt om dagbokstil, men ho skriv «du». Ho fortel altså heile historia retta til guten ho er forelska i.

Eg føler at det handlar om å tolka teikn frå kvarandre. Ho lurer på kva han tenkjer om ho, kva tid han skal svara på meldingane hennar, om han kjem til å vera på dei same festane ho går på. Den første kjærleiken er komplisert, med mange forviklingar, mange store kjensler, både gode og vanskelege. Men dette klarar forfattaren å kommunisera med eit enkelt språk.

Ida Løkås: Pappa er et postkort

Boka byrjar dagen etter 16årsdagen til Una. Ho har alltid fått eit postkort av den ukjende faren sin på bursdagen, men i år har det ikkje kome noko kort. Una har ikkje hatt behov for å vita noko om faren før, men no blir det viktig for ho.

Den to år eldre Leo skal laga ein dokumentar, og vil hjelpa Una å finna ut kven faren er. Una er forelska i Leo, men Leo verker berre som han er interessert i filmen sin, og snakkar berre om korleis dei skal finna faren hennar. Han har nesten blitt meir opptatt av det enn ho sjølv.

Una vil bli skodespelar som mora, og jobbar med ein monolog ho skal framføra på opptaksprøve til vidaregåande skule.

Denne boka er kort og lett å lesa, men den tek opp mange tema og har eit godt språk. Det er lett å leva seg inn i stemninga i boka. Dei lange late sommardagane i Stavanger når du er 16år og har uendeleg mange val framfor deg.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙