Hva leter du etter?
Mi briljante venninne av Elena Ferrante

Elena Ferrante, "Mi briljante venninne": Solid, men langt frå briljant

Mi briljante venninne er Sølvbergets mest etterspurde bok i 2015, med 54 lånarar på venteliste akkurat no. Kvifor det?

Spørsmålet melde seg tidleg i lesinga, og vaks seg sterkare side for side.

Tilbake til 1950-talet

Mi briljante venninne startar i vår tid, då godt vaksne Elena får telefon frå son til venninna Lila. Mor hans er borte, og han finn ikkje spor av ho. Elena bestemmer seg for å skrive historia om seg sjølv og Lila. Boka startar med ei oversikt over personar og familiar, som er eit argument for å lese ho på papir - eg måtte stadig bla tilbake til starten for å halde folk frå kvarandre.

Frå den notidige cliffhangeren spolar Ferrante filmrullen tilbake til barndommen i Napoli like etter krigen, med fattigdom, vald, rivalisering, mafia, sjalusi, brytningstid og så bortetter. Det sentrale i boka er heile tida tilhøvet mellom Lila og Elena, og korleis dei dreg i kvarandre, konkurrerer og treng kvarandre. Lila er det lunefulle naturtalentet, Elena den skuleflinke og pliktoppfyllande som får ein akademisk karriere. Lila giftar seg tidleg, og boka sluttar med bryllaupet hennar.

Mi briljante venninne av Elena Ferrante

Kva som har hendt med den vaksne, forsvunne Lila, får vi ikkje svar på. Neste bok i serien kjem på norsk til hausten.

Ein bør kanskje ikkje lese for mange omtalar av bøker ein skal gå laus på. Oppstusset kring Elena Ferrante (pseudonym) si bok har vore så stort at det prega forventningane mine.

Elena Ferrante brukar eit jordnært språk med få klisjear og metaforar, men den som ikkje tek sats, vil heller aldri nå dei store høgdene.

Ferrante kretsar rundt eit par poeng vel mykje etter min smak. Forholdet mellom Elena og Lila, som er motoren i boka, vert tappa for mykje energi ved at forteljaren terpar på dei same refleksjonane, og ikkje lét lesaren konkludere sjølv. Det same gjeld eit par sko som Lila skaper. Dei blir så symboltunge og overtydelege i historia at dei til slutt berre irriterer.

Kristin Sørsdal har omsett boka til moderne, lettflytande nynorsk.

Mi briljante venninne - lån boka på Sølvberget

Samlaget 2015
403 sider

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙