Hopp til hovedinnhold

bob hund

bob hund.

Det svenske kultbandet bob hund har halde på i over 25 år, og er framleis kjent som eit av dei beste livebanda i Skandinavia og som nyskapande og stadig kreative rockarar.

Deira første EP kom ut i 1993 og fem år seinare var dei store stjerner, med klassiske hitar som Nu är det väl revolution på gång? og Jag rear ut min själ. Musikkstilen var og er inspirert av band som Velvet Underground, Gun Club, Kraftwerk og Pixies. Vokalist Thomas Öberg si skånske stemme er umogleg å ta feil av, og Martin Kann sin strek har gitt visuell schwung til det heile. 

Det blir eit intimt og veldig spesielt høve til å oppleva bandet i Kunsthall Stavanger, fredag 21. september. Billettsalet har opna. Følg med på Kapittel sine kanalar for informasjon om fleire arrangement om og med bob hund. 

 
Google+