Hopp til hovedinnhold

Ymist.

Draumkvedet. Foto: Marte Vold

YMIST. vart skipa 2014 av Morten Espeland og Erlend Samnøen. YMIST. har som føremål å produsera scenekunst gjennom eigne produksjonar og ved å tilby kunstnarleg kompetanse til andre. 

Espeland er utdanna skodespelar frå Statens teaterhøgskole, og har vore tilknytta Det Norske Teatret, Nationaltheateatret, Riksteatret og Rogaland Teater. I 2008 mottok han Heddaprisen for beste birolle. Utover det har Espeland bidrege i ein rekkje produksjonar rundt om i landet. Samnøen er utdanna dansar frå Statens Balletthøgskole. Han har arbeidd som dansar, koreograf og regissør på tallause produksjonar rundt om i landet og utanlands. 

YMIST. vart nominerte til Heddaprisen 2015 for beste Barne- og ungdomsforestilling for Den uendelige historie der Samnøen hadde regien og Espeland dramatiserte.

Til Kapittel kjem YMIST. med framsyninga Draumkvedet, som er ein ny og moderne versjon av mellomalderballaden om Olav Åsteson. Olav fell i djup svevn på juleftan, og som i draume vandrar gjennom dødsriket. Først trettandedag jul vaknar han opp og dreg til kyrkja for å fortelja om opplevingane sine. Ymist. sin versjon av kvadet er blitt til ein monolog for Espeland, der dei historiske versa er omkransa av nyskriven tekst av dramatikaren Eirik Fauske. 

Draumkvedet er eit tidleg, norsk eksempel på såkalla visjonslitteratur. Diktet blei overlevert munnleg frå generasjon til generasjon i fleire hundre år, og er samla inn i over 100 ulike versjonar. Somme av versjonane er blitt opphøgde til nasjonale skattar, medan andre har blitt lese med meir skeptisk blikk. YMIST. har latt seg fasinera av Anne Skålen sin villare versjon som langt på veg er blitt devaluert som ”upaalidelig og ikke sanddru”. Ragnhild Freng Dale i Norsk Shakespearetidskrift omtala Espeland sin prestasjon som "en intens og stødig tilstedeværelse som umiddelbart kjennes riktig for kvedets repeterende, melodiske linjer", og at framsyninga er "en oppvisning i hva som er mulig med sterke aktører og tilsynelatende enkle virkemidler på scenen"

Billettar i sal frå Tou Scene

Google+