Sumaya Jirde Ali

Sumaya Jirde Ali er forfattar og samfunnsdebattant.
Sumaya Jirde Ali har på kort tid blitt ein kontroversiell og mykje omtalt samfunnsdebattant. Ho debuterte som forfattar i 2017 med diktsamlinga Kvinner som hater menn. Dikta tar i følge forlaget Minotenk "(...) utgangspunkt i egne erfaringer og gjør en poetisk utforsking av temaer som likestilling, kjærlighet, tilhørighet, religiøsitet og rasisme. Samlingen gjenspeiler hennes samfunnsengasjement og tydelige stemme i den offentlige debatten." I heimbyen Bodø blei ho kåra til Årets Bodøværing 2017.
Den andre diktsamlinga, Melanin hvitere enn blekemiddel, kom ut i januar 2018. Samme månad fekk ho Zola-prisen, som blir gitt til «personer som åpent og uredd har avdekket eller motarbeidet forhold som truer menneskeverd, demokrati og rettssikkerhet i Norge.»
Jirde Ali blei kjend for mange då ho deltok i intervjuprogrammet Torp på NRK TV 28. februar 2018. Der fortalte ho om korleis hennar engasjement og deltagelse i samfunnsdebatten førte til hets på internett og i sosiale medier. Ei veke seinare måtte ho, på grunn av hets og trusler, trekka seg frå 8. mars-arrangementene ho skulle delta på.
I haust er ho aktuell med boka Ikkje ver redd sånne som meg, utgitt som ein del av Samlaget sin serie Norsk røyndom.