Hopp til hovedinnhold

Oda Malmin

Oda Malmin foto: Andrea Rocha

Forfattardebutanten og redaktøren Oda Malmin frå Stavanger kjem til Kapittel.

Debuten hennar, Steinauge, handlar om 70 år gamle Ingeborg, som driv ein gard på Jæren etter at broren og odelsguten døydde, og om søskenbarnet hennar Randi. Klassekampen skriv i sin omtale: "Det er så lett å påstå at alle kan gjere det dei vil og bli kven dei vil i løpet av livet. Men på sin stillfarne, stilsikre måte viser Malmin kor mykje som er bestemt for oss alt ved fødselen [...]". 

Malmin har ein mastergrad i nordisk språk og jobbar som redaktør i Samlaget.

Lån bøker av Oda Malmin på Sølvberget.

Google+