Hopp til hovedinnhold

Marit Eikemo

Marit Eikemo foto: Andrea Rocha

Marit Eikemo er forfattar, poet, redaktør og dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen.

Marit Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske.

Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Sidan har Eikemo gjeve ut ei essaysamling og fire romanar, inkludert den kritikarroste Gratis og uforpliktande verdivurdering frå tidlegare i år. Eikemo har motteke fleire prisar for sitt arbeid, mellom anna Nynorsk Litteraturpris i 2011 og Amalie Skram-prisen i 2017. 

Bøkene til Eikemo er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Med betydeleg språkleg driv og overskot har ho skreve satiriske og samstundes ømme portrett av både kvinner og menn som strevar med å finne sin plass i fellesskapet og leve opp til alle reelle eller innbilte forventningar om å vere vellykka. Gratis og uforpliktande verdivurdering fekk strålande omtale av ein samla norsk presse, og Leif Ekle i NRK meiner romanen bekreftar "Marit Eikemos posisjon som sentral observatør av vår tid og en forfatter med dyp empati for de skjøre karakterene hun løfter frem."

Lån bøker av Marit Eikemo på Sølvberget.

Google+