Hopp til hovedinnhold

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen Foto: Tine Poppe

Lars Petter Sveen fekk Tarjei Vesaas' debutantpris, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutboka «Køyre frå Fræna» (2008).

Då Jo Nesbø fekk Den norske leserprisen i 2008, ga han ekstraprisen på kr 50 000 - som skal gå til «ein lovande norsk forfattar» - til Sveen. Også for si andre bok, romanen «Eg kjem tilbake» (2011), fekk han glitrande kritikkar.

«Guds barn» (2014) var den tredje boka hans og eit litterært gjenombrot. Kritikkane var framifrå, og romanen er solgt til Danmark, Sverige, Frankrike, USA og Kina. For boka fekk han blant anna Sultprisen, Per O. Enquist pris 2016, Nynorsk litteraturpris 2014 og Jan Roar Leikvolls minnepris 2015. 

Lars Petter Sveen har fått Mads Wiel Nygaards legat for sin forfattarskap. Han ble tildelt Bokhandelens forfatterstipend 2014, og var blant dei ti fremste unge, norske forfattarane kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015.

Dei siste bøkene, Fem stjerner (2017) og Fem skuggar (kjem litt seinare i haust) er forteljingar om fem unge menneske på flukt fra Somalia mot Europa og Norge.

Google+