Hopp til hovedinnhold

Kolbein Haga

Kolbein Haga. Foto: Sandnesposten

Kolbein Haga frå Stavanger er kantor og organist med utdanning frå Norges musikkhøgskule og Det kgl. danske musikkonservatorium i København. 

Haga har vore organist og kantor i Den norske kyrkja i 25 år, og har vore medansvarleg for kyrkjemusikarutdanninga ved Universitetet i Stavanger i 20 år. Han har hatt ei lang rekkje oppdrag som orgelbyggkonsulent, som rådgjevar vedrørande kompetanseevaluering og kyrkjemusikkspørsmål på eit breidt område. I tillegg har Haga vore kunstnarleg og administrativ leiar for Norsk orgelfestival frå 1990 til 2015.

Det er ei glede at Haga tjuvstartar Kapittel med eit vorspiel tysdag i samband med Norsk orgelfestival. 

Google+