Hopp til hovedinnhold

Jan Inge Sørbø

Foto: Agnete Brun

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist. 

Jan Inge Sørbø er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga Lågt skydekke i 1986 og har seinare skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Han har mellom anna skrive kritikarroste biografiar om Ronald Fangen, Alfred Hauge, Olav Aukrust, Arne Garborg, Hans Skjervheim, og romanar baserte på liva til Alexander Kielland, Ludvig van Beethoven og Fartein Valen. 

I 2018 er han aktuell med storverket Nynorsk litteraturhistorie. Over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd. Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget. 

 
Google+