Hva leter du etter?

Brit Bildøen

Brit Bildøen er ein norsk forfattar som har skrive barnebøker, romanar, dikt, essay. Ho er også verksam som forlagskonsulent, omsetjar og litteraturkritikar.

Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, seinast P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014). For same roman vart ho nominert på langlista til Dublin Literary Award.

I haust er ho aktuell med Tre vegar til havet. Ifylgje Samlaget tematiserar ho i denne boka "(...) avmakt i møte med byråkratiet, og kva desperasjon kan gjere med eit anstendig menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne."

Lån bøker av Brit Bildøen på Sølvberget.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙