Hopp til hovedinnhold

Nordvesten

Nordvesten bydelsblad for Madla

Nordvesten, bydelsbladet for Madla, er no å finne i bokformat hos oss. 

Tidlegare i år kom Jarle Løno og Arild Topdahl på besøk for å levere Nordvesten i bokformat. Me fekk overrekt årgangane 1984-2016, med andre ord 33 år med aktuelle saker og lokal historie samla på ein stad. No er dei endeleg registrerte og klargjorde til bruk. Dei kjem til å stå saman med resten av lokallitteraturen vår. Bøkene vil ikkje vere til heimlån, men du kan med glede setje deg ned i ein av dei raude stolane våre og bla i bøkene når du er her.

Og kven veit: kanskje finn du deg sjølv eller nokon du kjenner i ei av bøkene. 

IMG_7410

Google+