Hopp til hovedinnhold

Nærleik og avstand i skodespela til Alexander Kielland

Nærleik og avstand i skodespela til Alexander Kielland

Eg blei spurd av Kiellandsenteret om å lage eit foredrag som på eit eller anna vis var knytta til Kielland sine tekstar. Eg ville skrive om skodespela. Det var fleire grunnar til det.

Den første var at det gav meg eit høve til å lese noko eg ikkje hadde lese før. Eg blei nysgjerrig på dette ukjende. Kva låg der? Kunne det vere noko spennande? Noko gull? I utgivingane frå Dreyers Forlag står det at desse skodespela «ikke rager særlig høyt». Det gjorde meg meir nysgjerrig. Det ligg ein fridom i å undersøke tekstar som ikkje er kanoniserte. Ja, for det kan oppstå ein blindskap, eller sløvheit, av å lese noko som alle er samde om er bra. Å lese noko som ikkje er av høg kvalitet, gjer at eg senkar forventinga til lesinga.

Kielland skreiv seks teaterstykke: «Paa hjemvejen» frå 1878, «Det hele er ingenting» og «Hans Majestæts Foged» frå 1880, «Tre par» frå 1886, «Bettys formynder» frå 1887 og «Professoren» frå 1888. Målet var å lese stykka så ope som mogleg. Eg laga nokre reglar for dette arbeidet. Eg ville berre lese primærlitteraturen, altså berre lese tekstane til Kielland. (Det klarte eg nesten.) Under lesinga ville eg notere det eg skjønte, og det eg ikkje skjønte – det som eg kunne reflektere over og relatere meg til, og det som ikkje gav meining for meg. Eg ville notere kjensla av avstand og kjensla av nærleik til det eg las, eller der ei plutseleg forståing kom fram. Nokre ord og vendingar har vi enno i dag. Nokre innforståtte bitar som eg las i stykka hans, skjøner eg dei gamle premissane for. Andre ord og uttrykk og innforståtte utsegner har tida rett og slett ikkje teke med seg. Kva er det som har tolt 150 år, og kva har ikkje det?

Først vil eg trekke fram eit stykke som problematiserer parforhold på ein måte som er gjenkjenneleg. «Tre par» er ein slags forviklingskomedie mellom to etablerte par og eit kanskje-par. Det er snakk om trekantdrama og menn som veddar over parbyte. Det som interesserer meg mest under lesinga, er kor mange likskapar stykket har med amerikanske forviklingskomediar. Her er det menn som lagar veddemål om kva for ein mann ei kvinne vil velje. Eg kjenner igjen ekteskapsproblematiseringa frå sekstiåttargenerasjonen. Her er eit døme på eit livstrøytt par som diskuterer korleis ein skal piffe opp forholdet:

FRU JOHANNE

Men si – Theodor! – synes du ikke at vi har det litt – litt døsig sådan om eftermiddagen?

 

SANDBERG

Jo – frygtelig!

 

FRU JOHANNE

Ja jeg for mitt vedkommende – jeg trenger til å friske meg opp, lufte meg ut, – litt fart, – litt avveksling –

 

SANDBERG (ganske våken)

Du også! – det er nettopp min stadige tanke; vi går til grunne begge to – ja alle sammen her hjemme av mangel på liv – på avveksling –

 

FRU JOHANNE (reiser seg)

Jeg tror det er vår egen skyld.

 

SANDBERG

Det mener jeg også.

 

FRU JOHANNE

Vi har jo vår frihet; – vi kan gjøre hva vi vil.

 

SANDBERG

Men det gjør vi ikke.

 

Altså: Diskusjonar rundt parforhold og monogami har halde seg i 150 år og er enno aktuelle. Det er vanskeleg å forstå detaljane i intrigemakeriet. Det er tydeleg at ein viss Sandberg får ei erkjenning på slutten av stykket. Men den erkjenninga klarer eg ikkje heilt å skjøne. I eine delen av stykket er para ute på isen på skeiser. Her ber kvinnene heile tida om hjelp til å ta av og på skeisene. Eg skulle gjerne visst kvifor dei treng hjelp til dette.

Her kjem ei liste over ord eg ikkje skjønte under lesinga. Eg har kategorisert dei under tre kategoriar: titlar, ting og anna.

  • TITLAR: Tollkasserer, Jomfru Hansen, bybud, Hans Majestets foged, sorenskriver, byråsjef, ærendsgutt, formynder
  • TING: Boston, kanefart, brønntorsk, etagere, øyentann, et finpipet gammeldags kalvekryss, bluse, kilebane, portiere, konturbernaler, patchouli
  • ANNA: Fidibus, paradere, holde visitter, frivol, promisciøsitet, Sprogforeningen, tukthus, moderne, 10 000 kroner, Solid og tradisjonelt

Det interesserer meg at eg ikkje skjøner titlane. Eg kan ane kva som er meint, men eg veit ikkje heilt eksakt kva dei betyr. Eg veit ikkje kva handlingsrom titlane gir til folka som har dei. Difor skaper titlane avstand til teksten. Det same er når folk diskuterer modernitet og tradisjonar. Dette er jo relative omgrep som ikkje seier noko spesifikt. Ord som «øyentann», «kalvekryss» og «kilebane» er vakre. Avstanden er vakker. Dette er ting. Eg kan google dei og finne ut kva det er. Dette er ein avstand som skaper nysgjerrigheit til stoffet, det motsette av ein sløvande og støvete kjensle av å lese ei 150 år gammal bok.

Kva er så denne sløvande og uforståeleg avstanden? Jo, det er kjensla av å ikkje skjøne kvifor folka reagerer som dei gjer, kvifor dei føler som dei føler. Det er jo det viktigaste i teater: nemleg å lese om, eller vere tilskodar til, korleis mennesket reagerer i ulike situasjonar. Kvifor reagerer folk som dei gjer? Er det stand og stilling? Er det personlegdom? Kva krev forfattaren at eg som lesar skal lese mellom linjene? Når er karakterane uvanlege, og når er dei vanlege? I stykket «Bettys formynder» hadde eg skjønt meir viss eg hadde forstått om Betty har hatt sex med mennene i stykket. Eg aner det, men eg veit det ikkje. Eg veit at den informasjonen ligg innforstått i stykket. Men eg klarer ikkje å finne han. Eg har nemnt at eg ikkje skjøner erkjenninga til hovudpersonen Sandberg i «Tre par». Eg kan òg nemne sviket i «Paa hjemvejen». Stykket handlar om ei kone som skal møte mannen sin som har sona ein dom. Ho er sint på han, med rette vil eg seie, men møter biskopen og nabokona som ikkje skjøner kvifor ho er så sint. Eg skjøner ikkje dei, og eg forstår meg ikkje på motstanden ho får. Nøkkelen til å forstå biskopen og nabokona ligg gøymd i fortida.

thumbnail-by-url

Google+