Hopp til hovedinnhold

Nynorsk 8-10 klasse

Her finner du våre titlar på nynorsk for ungdomsskulen.

Oppdatert april 2020

Bruheim, Magnhild: Dragsug (27 eks.) På treningstur i skogen finn journalisten Tone Tarud eit kvinnelik. Kvinna er drepen. Tarud har møtt henne eit par veker tidlegare – på dansetreff for einslege – og ho får også sjølv ei stadig sterkare kjensle av at nokon er ute etter henne. Som einsleg har ho søkt etter partnar på Internett. Tarud arbeider med eit radioprogram med pårørande til menneske som er dømde for mord. Er det ein av mordarane som mislikar det ho arbeider med? Eller er det ein av mennene ho har møtt gjennom Internett? Kan det vere samanheng mellom drapet og det ho etter kvart opplever som trugsmål mot seg.

 

Bruheim, Magnhild: Ny melding (Bok 1, 25 eks.) Kari-Marie, Kami blant venner, er forsvunnen. Ein sein kveld ringer Kami til venninna si, Bente, på veg heim frå bussen, og då er ho saman med ein ukjend gut. Etter det, forsvinn Kami. Men Bente held fram å få tekstmeldingar frå Kami. Men er det verkeleg ho som sendar dei? Det kan jo vere nokon annan som brukar telefonen hennar. Blir ho halden som fange, eller har ho rømt frivillig? Bente må finne ut av mysteriet på eige hand. Det fører henne til Oslo, og mange farlege situasjonar.

 

Bruheim, Magnhild: På flukt (Bok 3, 30 eks.) Bente og Henrik arbeider med ein dokumentar om innvandrarjenter da dei kjem i kontakt med Yasmeen. Snart er dei innvolverte i ei sak som har med tvangsekteskap og æresdrap å gjere, og i ein flukt på liv og død.

 

Bruheim, Magnhild: Det som er sant (30 eks.) Kva er sant, og kva er rykte? Kven si side stiller du deg på når det er ord mot ord? Linn og Solveig er bestevenninner, men vennskapen blir sett på ein vanskeleg prøve når Hanna og Sander har to ulike versjonar av kva som eigentleg skjedde på det rommet på den festen.

 

Desplechin, Marie: Aldri tilfreds (15 eks.) Aurora synest livet er så ur-kjedeleg at ho bestemmer seg for å skrive dagbok. Ho meiner at ingenting skjer, men i dagboka skriv ho med ein vittig og sarkastisk penn om dei irriterande systrene sine, den teite faren, den nysgjerrige bestemora, den håplause lærarinna og den smellvakre guten ho ikkje veit namnet på. Nynorsk tekst. Roman for mellom-/ungdomstrinnet.

 

Djupvik, Laura: Den andre søstera (13 eks.) Selma og familien arvar eit gammalt hus. Men Selma tør ikkje vere der åleine. Ho høyrer merkelege lydar og uforklarlege ting skjer. I treet i hagen kjenner Selma seg trygg. Ein dag kjem ei jente, Anna, opp frå dalen. Ho klatrar opp i treet til Selma. Selma gler seg til å møte henne igjen. Men kven er denne Anna? Kva vil ho? Og kva løyndommar ber mor til Selma på? Boka er del av GRØSS OG GRU - ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok. . - Passer for 12-16 år

 

Hansen, Atle: Det kvite pulveret (29 eks.) Anders bur på ei lita øy ute i havgapet. Ein varm sommardag finn han ein svart pakke nede i fjæra. Pakka gøymer han på ein hemmeleg stad så han kan studere innhaldet i fred og ro, trur han. Men han er ikkje åleine i fjæra, ein mørkledd mann ser alt han gjør. Det som Anders trudde skulle bli ein kjedelege sommar saman med dei tre vennene sine, blir i staden meir spennande og dramatisk enn han hadde håpt på når ein livsfarleg smuglarliga kjem til øya. Spenning for mellom-/ungdomstrinnet.

 

Hansen, Atle: Eg har venta på deg (30 eks.) Simon gler seg til å ro ut på havet for å fiske. Men kven er det som plutseleg ropar på han? Er det den mystiske jenta han møter på kafeen? Ho som han skal å halda seg vekke frå? Eller er det Den svarte enka? Ho som sit på stranda og ventar på kjærasten som forsvann på havet for lenge sidan? Alder: 11-16 år. Tilrettelagt enkel tekst

 

Hansen, Atle: Fangar i natta (30 eks.) Martin, Anna, Anders og Steinar får ein ny sak å hanskast med når Martin ein morgon kjem ned til jolla si og ser at påhengsmotoren er borte. Fleire motorar er stole i båthamna. Samstundes er Anna i skogen, og kjem fram til eit hus der det ikkje har budd folk på mange år. Folk seier at det spøkjer der. Brått dukkar det opp ein mann i døra som Anna aldri har sett før. Dei fire barna på den lille øya i havgapet er i stor fare når dei avslører ein aust-europearbande som stel påhengsmotorar. Spenning for mellom-/ungdomstrinnet.

 

Hansen, Atle: Svartedalen (29 eks.) Det kommer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen, der du absolutt ikkje skulle gå. Mystiske ting byrjar hende, og du klarer ikkje å finne ei naturleg forklaring. Nokre gonger blir det opp til dei i notida å rydde opp i hendingane i fortida sjølv om det kan bli farleg. Grøss for mellom-/ungdomstrinnet. Lettlest

 

Kaaberbøl, Lene: Skammarens dotter (bok 1, 33 eks + lydbok) Dina har arva den eigenskapen frå mora som gjer at alle må frykte henne: Berre med blikket kan ho få folk til å tilstå kriminelle handlingar. Når Skammaren blir kalla til Dunark-borga der den vonde fyrst Drakan herskar, må Dina komme mora til unnsetning. Bøkene har hatt stor suksess i fleire land. Hovudpersonen er den 11 år gamle Dina, som er dotter til Skammaren og har arva same gåva som mora har: Når ho ser nokon i auga, er dei tvinga til å fortelje heile sanninga. Blikket gir makt, men det er også ei farleg gåve. Forbrytarar fryktar ho, og mange ønskjer å utnytte ho. 

 

Kvalvaag, Hilde K. Nattsommarfugl (29 eks.) Johanne er på sommarbesøk hos mormor og morfar. Mens ho er på besøk der treff ho Mattias som ho får varme kjensler for. Dei drar på hyttetur saman, men ein slengbemerkning frå Mattias får Johanne til å slå opp. Ho vil ikkje vere kjærast med han lenger. Dagen etter får ho vite at Mattias er forsvunnen. Nynorsk tekst. Ungdomsroman for mellom-/ungdomstrinnet.

 

Røssland, Tor Arve: Svarte-Mathilda (Bok 1, 30 eks.) Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år. Når Elisabeth flyttar inn, byrjar ho å grave i historia til drapet, med god hjelp av den nye klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo. Dei kjem over legenda om den demoniske Svarte Mathilda, som gøymer seg i ein spegel, og som kjem dersom du kallar på henne. "Svarte-Mathilda er en ungdomsbok, men er spooky nok for voksne, og eg kan godt sjå for meg at dette kunne ha blitt en film. Den er velskrevet, underholdende og grøsselig god proppet med spenning fra første side."

 

Røssland, Tor Arve: Svarte-Mathilda II (Bok 2, 15 eks.) Den første boka om Svarte-Mathilda blei nominert til Uprisen og har blitt ein favoritt i skulebiblioteka. No kjem bok nummer to om Elisabeth og den demoniske Svarte-Mathilda, som gøymer seg i ein spegel. Etter dei fryktelege opplevingane i første bok, gler Elisabeth seg denne gongen til nokre veker på språkskule i Italia. Ho og venninna Gry blir innlosjert i eit herskapshus i utkanten av Verona, men anar fort at ikkje alt er som det skal vere i familien dei bur hos. Kvifor oppfører dei seg så rart? Og kva betyr den mystiske meldinga frå bibliotekaren Viggo? Har han funne ut meir om Philip si forsvinning? Parallelt med denne historia blir vi endå ein gong tatt med tilbake til Hardanger på 1800-talet, til garden Langetun der legenda om Svarte-Mathilda har sine røter.

 

Røssland, Tor Arve: Den tolvte spelaren (14 eks.) Kevin har flytta til Våg, men merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Farar som lurer, kan plutseleg stå rett framfor ein, som til dømes kven den tolvte spelaren er. Serien 'Grøss og gru' utgis i samarbeid med Leser søker bok. Grøss for mellom-/ungdomstrinnet. 

 

Solberg, A. Audhild: Den svartkledde jenta (5 eks.) Bekmørk og iskald grøss! Hanna er på veg heim frå kjærasten Leo. Ved eit fråflytta hus dukkar det opp ei jente bak henne. Jenta tek til å følgje etter Hanna. På brua set ho i eit grufullt skrik, før ho brått forsvinn. Neste natt skjer det same. Kven er denne svartkledde jenta? Kvifor oppsøker ho Hanna? Og kor kjem dette forferdelege skriket frå? - Passer for 12-16 år

 

Sortland, Bjørn: Alle har eit sultent hjerte (30 eks.) Ina har nettopp oppdaga at ho er gravid med Erik. Ho blir sår, sint og frustrert, for det var så mykje ho hadde planar om. No veit ho ikkje kva som vil skje. Erik seier han vil hjelpe ho. Han køyrer ho til bestevenninna i Oslo, så ho får snakka med henne. Ina treff venninna, men er stadig like usikker. Ho og Erik reiser tilbake til vestlandet og heimbyen, i lag. Ingen av dei har bestemt seg for kva som er best å gjere, men under køyreturen blir dei kjent med kvarandre på ein ny måte, dei har i alle fall begynt å snakke saman. Og dei har skjønt at dei har eit val. Dette er ein roman om å velje og om begjær etter å få mest muleg ut av livet. Nynorsk tekst. Roman for ungdomstrinnet.

 

Sortland, Bjørn: Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? (15 eks.) 18-åringen Markus forelskar seg hodestups i den fire år eldre Ingrid. Han gjer alt han kan for å få ho til kjæraste. Det fine er at han lykkast, men dessverre har lykka ei bakside. Ingrid har kreft og skal snart døy. Dette er ein roman om kjærleik og død. Roman for ungdomstrinnet.

 

Sunne, Linn T.: Happy (30 eks.) Mo og faren flyttar til ein ny stad fordi faren har fått ny jobb i kommunen. Boka startar med Mos første dag på den nye skulen, i 8. klasse. Det er ikkje berre greit å vere ny, Mo blir bombardert med spørsmål frå nyfikne elevar og lærarar. Men Mo er godt førebudd og svarer så godt ho kan, især likar ho å fortelje om den fråverande mora som er motefotograf i New York. I byrjinga av boka får ein inntrykk av at Mo og faren har ein lett og optimistisk tone seg imellom, men litt etter litt slår det vellykka bilete sprekkar. Medelevane skjønar etter kvart at Mo lyg og etter som Mos historie blir avslørt, blir ho utstøyt av dei andre og må starte på botnen av. Dette er ei forteljing om å vere ny i klassen, om å lyge og ha pokerfjes som sprekk. Roman for mellom-/ungdomstrinnet.

 

Sunne, Linn T.: Saiko (30 eks.) Ella kjeder seg på skulen, men gleder seg til festen på Svartstein på laurdag. På festen kjem Simon som Ella er forelska i. Steinar, som dei kallar Saiko, skal kjøre Ella, Olivia og Noor til festen. Ting går ikkje som planlagt, og snart er Ella rota inn i noko ho ikkje kunne ane konsekvensane av.

 

Sunne, Linn T.: Mareritt (30 eks.) Mareritt til alle døgnets tider! Mattias bråvaknar av skriket til ei jente. Han har drøymt om røyk og flammer. Det både lukta og høyrdest ut som ekte brann. Det er som om skrekken til jenta set seg i Mattias. Draumane vil ikkje gi seg. Kven er jenta som skrik? Kva vil ho? Boka er del av Grøss og gru - ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok. . - Passer for 12-16 år .

 

Torkildsen, Terje: Arrfjes. (30 eks.) I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort. Dette er ein historisk sjøroman. Forteljing for ungdomstrinnet.

 

Torkildsen, Terje: Dystopia 1 (30 stk.) Ein motorveg av ei lesaroppleving. Dystopia I er første boka i firebokserien DYSTOPIA2014. Seks syttenåringar frå International School of Stavanger er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Ei kjempebølgje slår inn over metropolen om morgonen 18. januar 2014. Byen bryt saman, og det blir ei reise på liv og død for ungdommane, som berre har eitt mål: Dei vil heim til Noreg. Dystopia I er skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Med eit dødsalvorleg bakteppe skaper komikar og forfattar Terje Torkildsen ei bok med humor, driv og ungdommeleg optimisme.

 

Torkildsen, Terje: Marki Marco (30 eks.) 16 år gamle Marco bur i byen Moulindam i Belgia. Ein morgon då han snik seg inn i slottsparken for å studere fuglelivet, oppdagar han ei naken kvinne som står og røykjer. Denne oppdaginga blir starten på den beste og verste sommaren i Marcos liv. Både terroristar, galne skogvaktarar og også Marcos nærmaste familie blir ein trussel, og Marco må gå i dekning for å redde sitt eige liv. Dette er ein forteljing om kjærleik, sex, action og spenning. Forteljing for ungdomstrinnet.

 

Torkildsen, Terje: La Isla Bonita (30 eks.) Kan det vere livsfarleg å bli forelska? Carlo trekkjer pusten og fyller lungene med frisk sjøluft. Strekkjer ut armane og smiler mot alt og alle. Skjøner ikkje kva som ventar han. Veit ikkje betre. Aner ikkje at denne vesle øya langt ute i Atlanterhavet vil forandra livet hans for alltid. Om fem dagar vil alt vera annleis. Seksten år gamle Carlo reiser til Syden med den rare kunstnarmora si. Han ser fram til ei roleg ferieveke i varmen, men slik blir det ikkje. Isla Bonita viser seg å vere ei øy full av skumle typar og store mysterium. Og så møter han Julieta, den dansande jenta på kaien. Av og til kan det vere livsfarleg å bli forelska. . - Passer for 12-16 år

 

Torkildsen, Terje: Stavanger stories 1 (15 eks.) Betty, Broremann og Duxen er søsken. I denne novellesamlinga kan ein lese om korleis dei opplever ulike møte med livet, døden, gleda, saknet og kjærleiken. Betty har eit nærare forhold til mormor enn til mor, Broremann blir sett på sitt livs hittil største prøve når han må legge ut i båt åleine, og Duxen tabbar seg loddrett ut som russ. Noveller for ungdomstrinnet.

 

Walgermo, Alf Kjetil: Mitt bankande hjarte (30 eks.) Amanda er 14 år og forelska. Samtidig truar ein farleg sjukdom med å røve frå ho alt, forelskinga, kjærleiken, livet. Korleis er det for ei ung jente å vere så forelska og samtidig vente på ein hjartetransplantasjon? Mitt bankande hjarte er ikkje ei sjukdomshistorie. Det er ei kjærleikshistorie. Om Amanda, 14 år. Det er historia om det aller finaste og det aller fælaste på same tid.

Google+