Hopp til hovedinnhold

Nynorsk 1-7 klasse

Her finner du våre titlar på nynorsk for barneskulen.

Hansen, Atle: Det kvite pulveret (30 eks.)

Anders bur på ei lita øy ute i havgapet. Ein varm sommardag finn han ein svart pakke nede i fjæra. Pakka gøymer han på ein hemmeleg stad så han kan studere innhaldet i fred og ro, trur han. Men han er ikkje åleine i fjæra, ein mørkledd mann ser alt han gjør. Det som Anders trudde skulle bli ein kjedelege sommar saman med dei tre vennene sine, blir i staden meir spennande og dramatisk enn han hadde håpt på når ein livsfarleg smuglarliga kjem til øya. Nynorsk tekst. Spenning for mellom-/ungdomstrinnet.

 

Hansen, Atle: Fangar i natta (30 eks.)

Martin, Anna, Anders og Steinar får ein ny sak å hanskast med når Martin ein morgon kjem ned til jolla si og ser at påhengsmotoren er borte. Fleire motorar er stole i båthamna. Samstundes er Anna i skogen, og kjem fram til eit hus der det ikkje har budd folk på mange år. Folk seier at det spøkjer der. Brått dukkar det opp ein mann i døra som Anna aldri har sett før. Dei fire barna på den lille øya i havgapet er i stor fare når dei avslører ein aust-europearbande som stel påhengsmotorar. Spenning for mellom-/ungdomstrinnet.

 

Hof, Marjolijn: Ein liten sjanse (15 eks.)

10 år gamle Kikki har ein legefar som fartar verda rundt for å trø til der det trengst, og Kikki er redd for at han skal døy ute i felten. Begge foreldra seier at det er ein veldig liten sjanse for at noko skjer. For å gjere den vesle sjansen endå mindre, tenkjer Kikki ut korleis ho kan gjere det statistisk usannsynleg at faren døyr. Derfor skaffar ho seg ei mus som kan døy, og håper at den gamle stinkande hunden heime trekkjer sitt siste sukk. Men det er lettare sagt enn gjort. Dette er ei humoristisk bok om å vere redd for å miste nokon ein er glad i. Nynorsk tekst. Forteljing for småskole-/mellomtrinnet.

 

Kaaberbøl, Lene: Skammarens dotter (bok 1, 33 eks. + lydbok)

Ungdomsserie. Skammaren er ein serie fantasy-bøker retta mot 9–12 år gamle jenter. Bøkene har hatt stor suksess i fleire land. Hovudpersonen er den 11 år gamle Dina, som er dotter til Skammaren og har arva same gåva som mora har: Når ho ser nokon i auga, er dei tvinga til å fortelje heile sanninga. Blikket gir makt, men det er også ei farleg gåve. Forbrytarar fryktar ho, og mange ønskjer å utnytte ho. Forfattaren Lene Kaaberbøl blei i 2002 kåra til beste Disney-forfattar for W.I.T.C.H.-serien, og er nå nominert til den velrenommerte Marsh-prisen for Skammarserien.

 

Røssland, Tor Arve: Svarte-Mathilda (Bok 1, 30 eks.)

Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år.

Når Elisabeth flyttar inn, byrjar ho å grave i historia til drapet, med god hjelp av den nye klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo. Dei kjem over legenda om den demoniske Svarte Mathilda, som gøymer seg i ein spegel, og som kjem dersom du kallar på henne. "Svarte-Mathilda er en ungdomsbok, men er spooky nok for voksne, og eg kan godt sjå for meg at dette kunne ha blitt en film. Den er velskrevet, underholdende og grøsselig god proppet med spenning fra første side."

 

Røssland, Tor Arve: Svarte-Mathilda II (Bok 2, 15 eks.)

Den første boka om Svarte-Mathilda blei nominert til Uprisen og har blitt ein favoritt i skulebiblioteka. No kjem bok nummer to om Elisabeth og den demoniske Svarte-Mathilda, som gøymer seg i ein spegel.

Etter dei fryktelege opplevingane i første bok, gler Elisabeth seg denne gongen til nokre veker på språkskule i Italia. Ho og venninna Gry blir innlosjert i eit herskapshus i utkanten av Verona, men anar fort at ikkje alt er som det skal vere i familien dei bur hos. Kvifor oppfører dei seg så rart? Og kva betyr den mystiske meldinga frå bibliotekaren Viggo? Har han funne ut meir om Philip si forsvinning?

Parallelt med denne historia blir vi endå ein gong tatt med tilbake til Hardanger på 1800-talet, til garden Langetun der legenda om Svarte-Mathilda har sine røter.

 

Stai, Kari: Jakob og Neikob (15 eks.)

Jakob og Neikob er gode venner som bur i lag, sjølv om dei er svært forskjellige. Jakob er den som alltid seier JA til alt, medan Neikob seier NEI til alt. Trass i det bur dei saman. Jakob undrar seg over korleis i all verda han skal få lurt Neikob med på ein biltur når han alltid seier nei. Dette er ei humoristisk og surrealistisk forteljing om vennskap, uvennskap og utlandet. Illustrasjonane er laga i ein retroaktig stil. Nynorsk tekst. Billedbok for førskolebarn.

 

Stai, Kari: Jakob og Neikob – Tjuven slår tilbake (15 eks.)

Jakob seier alltid JA til alt, og Neikob seier alltid NEI. Men tjuven som har rømt frå fengselet bryr seg verken om JA eller NEI. Når Jakob og Neikob tar opp jakta på tjuven blir dei lurte begge to, og Jakob må sitje i fengsel for første gong. Dette er ei humoristisk og surrealistisk forteljing om vennskap, og om å lære at av og til må ein seie NEI. Illustrasjonane er laga i ein retroaktig stil. Billedbok for førskolebarn.

 

Sunne, Linn T.: Happy (30 eks.)

Mo og faren flyttar til ein ny stad fordi faren har fått ny jobb i kommunen. Boka startar med Mos første dag på den nye skulen, i 8. klasse. Det er ikkje berre greit å vere ny, Mo blir bombardert med spørsmål frå nyfikne elevar og lærarar. Men Mo er godt førebudd og svarer så godt ho kan, især likar ho å fortelje om den fråverande mora som er motefotograf i New York. I byrjinga av boka får ein inntrykk av at Mo og faren har ein lett og optimistisk tone seg imellom, men litt etter litt slår det vellykka bilete sprekkar. Medelevane skjønar etter kvart at Mo lyg og etter som Mos historie blir avslørt, blir ho utstøyt av dei andre og må starte på botnen av. Dette er ei forteljing om å vere ny i klassen, om å lyge og ha pokerfjes som sprekk. Roman for mellom-/ungdomstrinnet

Google+