Hopp til hovedinnhold

Post 8

No hadde eg funne heile sju bokstavar, men eg følte likevel ikkje eg var i mål. «T», «A», «S», «J», «A», «N», «S» var det eg hadde funne. Kva skulle det tyde? Ta sjans. Kva var det tjuven ville eg skull ta ein sjanse å gjere? Medan eg tenkte så det knasa, tusla eg langs bryggekanten med coopen. Her starta eg å mimre tilbake til Tomatfestivalen 2019 då eit folkemylder stod her og heia på dei som prøvde seg på «Gå på vatnet». Så byrja eg tenke over kva slags aktivitet som skulle finne stad her i hamnebassenget i år. Då slo det meg kva tjuven prøvde fortelje meg. Eg mangla ganske enkelt to bokstavar for å løyse gåta.

Klarer du også skjøne kva to bokstavar eg manglar og dermed stave «staden» eg kan finne tomaten? Dersom du trur du klarer finne svaret på 9 bokstavar, skriv inn forslaget ved å klikke deg inn her: https://forms.gle/NRuaCfLVNtnDuaPD8 

Kanskje du er ein av dei heldige vinnarane som får ein premie?

Google+