Hopp til hovedinnhold

Post 7

Siste kryss på kartet eg hadde fått av tjuven, førte meg til eit flott og ganske sikkert nytt bygg. Grieg Seafood, stod det på ein stor logo på veggen. Her var utsikten god. Eg kunne sjå ned mot ferjekaien, der bilane stod i kø og venta, og sikta ut mot sjøen var eit vakkert syn. Eg kunne også sjå ned på mot området rundt Coopen, der eg hadde kome frå. Sjølv om eg følte jakta hadde vart i evigheiter såg eg no at det var ikkje lange vegen eg hadde lagt bak meg. Likevel hadde eg eit håp om at dette skulle vera enden på jaktruta. Kunne verkeleg tjuven vera her? Eller enda betre: kunne eg finne tomaten mi her? Inne i bygget var det full gong blant dei tilsette, som sat og jobba på kontora sine. Eg gjekk ned i underetasjen for å starte leitinga. Der nede satt dei med liknande PlayStation-

kontrollarar i hendene framfor nokre skjermar. «Det måtte jo vera ein fin arbeidsdag», tenkte eg, før eg fann ut at det var kamerastyring og fiskefòring dei kontrollerte. Men, eg var jo ikkje på omvising heller. Eg var på tomatjakt og her inne var det lite spor, så eg gjekk opp og ut att. Det var lite mistenksamt å få auge på ute. Det var like før eg gav opp heile leitinga, då tanken slo meg. Kunne det hende det låg noko oppi postkassa deira? Eg tok sjansen, stappa handa nedi og lirka fram ein del ark. Brev etter brev, men inga tomat. Likevel, siste brevet stod det jo namnet mitt på! I full hast reiv eg det opp. Oppi låg eit kvitt ark bretta saman. Eg bretta det opp, og der fann eg atter ein bokstav! På lappen stod «S»

Google+