Hopp til hovedinnhold

Post 6

Neste kryss på kartet var heldigvis ikkje langt unna. Eg gjekk inn inngongen og såg først til høgre. Uansett kor mykje sommarklyppen freista, trumfa tomata mi over. I staden gjekk eg inn til Miljøbygg sine lokalar. Her var det fleire kjende fjes. Dette var karane som hadde bygga huset mitt jo! Desse hadde jo gode svar på det meste, tenkte eg og spurte i veg om dei hadde sett nokon tomattjuv. «Nei, nokon tjuv kan eg ikkje hugsa å ha sett», svarte han eine. «Men det var ein kar innom og gav oss denne!» Sa ein annan og rekte fram ein kvit lapp. Ganske riktig, det var eit nytt hint, ein ny bokstav. Denne gongen bokstaven «N».

Google+