Hopp til hovedinnhold

Post 5

Første krysset var her, Havbruksparken. No forventa eg ikkje å finne tomata lengre. No var eg berre på leit etter nye hint. Men, kvar kunne desse hinta være? Først såg eg på baksida av bygget. Her fann eg berre tankar og skrot. Så eg tusla vidare langs kanten på utkikk etter nye lappar og hint. Då eg gjekk forbi legebåten, som låg til kai, vurderte eg faktisk gå om bord å leite, men la frå meg den tanken fort. Tjuven måtte jo ha hatt det travelt med å legge frå seg alle desse hinta, så eg leita heller ved områda langs vegen. Noko som viste seg å være smart, for her låg jammen meg ein ny bokstavlapp. Bokstaven «A» No hadde eg følgande bokstavar: «T», «A», «S», «J», «A».

Google+