Hopp til hovedinnhold

Post 4

Eg bestemte meg for å undersøkje grundigare nede på Judaberg sentrum. Kanskje tjuven hadde flykta ned der i full fart. Men, all denne leitinga gjorde meg svolten og då eg kjende lukta av nysteikte gongkaker var det ikkje meir som skulle til for å lokke meg til kaihuset. Eg opna døra, gjekk inn og blei møtt av eit nydeleg syn. Gongkakene låg der stabla i høgda og du kan tru eg åt. All etinga fekk meg til å gløyme ut heile tomatleitinga. Det var først når eg smakte på tomatsyltetøyet at eg kom på kvifor eg var ute på tur i utganspunktet. Så, med ei gongkake i kvar hand, var eg ute på leit igjen. For sjølv om tomatsyltetøyet smakte utruleg godt, var det nok ikkje mi tomat det var laga av. Då eg gjekk langs kaihuset kan du jo gjette kva eg fekk auge på, på benken utfor. Jo, ein ny lapp, med ein ny bokstav. «J» stod det på den, men no fekk eg eit nytt hint også. Tjuven hadde lagt igjen eit lite kart over Judaberg, med tre kryss på tre ulike stader.

Google+