Hopp til hovedinnhold

Post 3

Då eg tusla av garde frå biblioteket tenkte eg at det ikkje kunne skade å ta turen innom Finnøy Fleirbrukshall heller. Det var mørkt i vindauga, så eg var i ferd med å gå forbi då eg såg rørsle inne i bygget. Nokon var på veg mot utgangen. Raskt gøymde eg meg bak eit hjørne. Ut døra gjekk ein mann, som sette seg inn i bilen sin og køyrde av garde. Eg skunde meg då bort til døra, som var i ferd med å gå igjen. Like før ho lukka seg heilt klarte eg sette ein fot inn mellom døra og dørkarmen. Så sneik eg meg inn, gjekk opp trappa og starta leitinga oppe på tribunen. Det var lite å finne der inne, verken folk eller tomat. Plutseleg høyrde eg skritt i underetasjen. Stille som ei mus, lista eg meg for å sjå kven det var. Det var tjuven. Det måtte det være. For eg såg skikkelsen leggje frå seg ein ny lapp og ja, med ein ny bokstav på. Men, eg såg berre ryggen hans, før han skunde seg ut døra igjen. Eg sette i å springe ned trappa, tok med meg lappen i farta og storma ut. Men, ute var det ingen å sjå. Ute var det berre meg og lappen eg heldt i handa. På den stod bokstaven «S»

Google+