Hopp til hovedinnhold

Post 2

Neste strategi på leitejakta mi var å få så mykje kunnskap eg kunne om tidlegare tjuverihistorier. Kvar finn ein kunnskap? Jo, i bøker. Så difor ende eg opp her på biblioteket. Eg leita og leita, blant dei mange bøkene som er her. Eg fann ulike bøker om andre tjuveri, men det hjelpte meg lite. Ikkje så rart det, når eg tenkjer meg om. Har nemleg ikkje høyrt om så mange krimbøker som omhandlar tomatar før. Det hadde kanskje vore lurt å spørje bibliotekaren om hjelp, men det syns eg hadde blitt for flaut. Tenk det, å få spørsmål av ein gartnar om du har sett tomaten hans. Nei, så eg låna heller med meg ei bok, før eg så var på veg til å gå vidare. Men, i døra på veg ut låg ein ny bokstav. Bokstaven «A». Tenk det, tjuven hadde lagt han der medan eg var inne i biblioteket.

Google+