Hopp til hovedinnhold

Post 1

Her er staden eg starta å leite. Starta å leite etter tomaten min. Å nei, det er ikkje berre ei vanleg tomat det er snakk om. Denne tomaten er nemleg den flottaste og største tomaten eg har sett i løpet av heile mitt gartnarliv. Tomaten hang der på klasen, stor og fin, men ein dag når eg skulle stelle ved tomatplantene, så var tomaten borte.

No er det over ei veke sidan denne skatten gjekk tapt, så eg har gjeve opp håpet om at han dukkar opp ut av det blå. Eg har valt å ta saka i eigne hender. Eg må leite. Kva stad er vel betre å starte leitinga enn her på innbyggartorget? Det tenkjer i alle fall eg. Her blir jo fantastiske matrettar servert og då passar jo ei fantastisk tomat godt inn. Eg tenkte: «Kanskje Ryfylkekokken har knabba tomaten mi, for å servere han til sjølvaste Dag Otto Lauritzen». Det viste seg at denne teorien ikkje stemde. Tomaten er ikkje her, men tomattjuven har vore her og han veit eg er på leit etter han. For han har lagt igjen eit hint. Eg skjønte ikkje mykje av det, for det var berre ein enkel bokstav. Bokstaven «T»

Google+