Hopp til hovedinnhold

Kapittel 5

Me sette oss ned ved eit bord, og ho oppsummerte saka. “Det var slik at du ikkje finn igjen kammen din, og at du treng ein ny kam. Eller aller helst den gamle, men du veit ikkje kor den kan være, så kan hende nokon har funnet han?” Eg nikka. “Eg hadde akkurat levert ungene på ferja. Dei skulle til Fogn, der Merete skulle passe dei nokre dagar medan eg har heimekontor. Hønemor er på turnè. I dag snakkar ho i Hønefoss, og snart skal ho kome heim og leggje gullegget for i år. Så trist visst eg ikkje har fått kammen igjen til då” sa eg. “Eg greier meg ikkje utan han”. 

Ho tok eit bilete av meg der eg såg trist ut, og klappa meg forsiktig på hovudet. Eg bestemte meg for å gå heim å vente. Når artikkelen kjem i avisa, må det være nokon som kan skaffe meg ein ny kam. Eg gjekk heim til hønsehuset vårt på Rygjabø.

Google+