Hopp til hovedinnhold

Kapittel 4

Me kryssa vegen, og var raskt ved kontoret hennar. “Veit du?, sa ho før vi gjekk inn, “rett rundt hjørnet ligg ein frisørsalong!” “Der kan eg kanskje finne ein kam” sa eg håpefullt og sprang bort dit. Ei hyggeleg frisørdame spurde meg om eg ville ha ein time hos henne. Allslags frisyrar kunne ho lage, hanekam også, visst eg hadde hatt hår. “Eg vil berre kjøpe ein kam” sa eg, men dei var ikkje til sals. 

Eg lunta tilbake til Øyposten. Oddbjørg kikka opp frå datamaskinen då eg kom inn, og ho forstod med ein gong at eg ikkje hadde fått tak i kam. Men ho hadde ein god idè. Me går over til Innbyggartorget. Bygdakokken har kan hende kamskjell på menyen, og det hadde passa kjempegodt å spise kamskjell medan ho intervjua meg om kammen som mangla, og om problema med å få tak i ny kam på Judaberg. “Det blir den mest leste saken i år”, sa ho. “Det kjenner eg meg sikker på”. Vi la i veg på nytt, denne gangen vendte me nebb og nese mot innbyggartorget. 

Google+