Hopp til hovedinnhold

Kapittel 3

“Sel du kammar?” spurde eg henne forsiktig då eg kom inn i butikken. Eg hadde ikkje gløymt gongkakene hennar, og visste at ho var svært interessert i å få tak i eit gullegg frå kona mi. “La meg tenkje” sa ho og mumla for seg sjølv “eg har strikkepinnar, garn, puslespel, leikebil, babyklede, gongkake, målebånd, kaffkopp og heklenål”. Ho sa høgt “nei, diverre, kammar har eg ikkje inne, men eg kan strikke ein til deg? Alt eg treng i betaling, er eit av desse stilige gullegga!”

Eg gala til henne “Gullegget er ikkje til sal, ikkje førre år, ikkje no og aldri i framtida heller”. Eg gjekk ut av Kaihuset og prøvde å finne på ein annan stad eg kunne få tak i ein kam. Rett utanfor støtte eg på Oddbjørg som hadde tatt bilete i bryllaupet vårt sist vår. Den gang eg framleis hadde kammen min, hulka eg medan tårene rant frå augo mine. Eg kjem aldri til å sjå ut som ein hane att. Oddbjørg spurde meg om det gjekk bra, og eg fortalde henne heile historia. “Nei, så frykteleg”, sa ho. “Dette høyres ut som ei sak for avisa”. Eg fulgte med henne bort til Øyposten sitt kontor. 

Google+