Hopp til hovedinnhold

Kapittel 1

Hei alle barn! Eg heiter Hanemann og kjem frå Hanasand. Nokre av dykk hugsar meg kan hende frå thrilleren “Jakta på gullegget” frå sist påske. Eg fekk mi høne til slutt og bur no på Finnøy med alle kyllingane og høna mi. Eg har levd lukkeleg i alle mine dagar fram til no. 

Det har diverre hendt meg noko fælt. Eg har mista kammen min, og eg greier meg ikkje utan han. Du skal få høyre korleis det hendte. 

Det starta då kyllingbarnehagen måtte stenge på grunn av korona. Eg måtte ha heimekontor og hønemor var vekkreist på turnè for å snakke om korleis det var å leggje gullegg. Me såg ikkje anna råd enn å ringe Merete, vår familievenn frå Fogn. 

Eg spurte henne pent om våre tretten små kunne få lov til å bo hos henne ei stund, og ho var ikkje sein med å svare ja. Då tretten kyllingmatpakkar, tretten kyllingryggsekkar og tretten kyllingsoveposar var pakka, jaga eg dei ombord på MF Hidle, ferja som skulle ta dei med til Fogn. Ferja var akkurat gått frå land, då eg oppdaga at kammen var borte. Eg greier meg ikkje utan kammen min, så eg fekk panikk og byrja å gale som ein tulling der på kaia. Ei menneskedame høyrde det, og kom bort for å trøyste meg. “Me kan gå bort på Coopen for å kjøpe deg ein ny kam, sa ho” og tok meg i vengja.

Google+