Hopp til hovedinnhold

Gullegga på Finnøy - syvende og siste del

Dette er en påskekrim/eggjakt på Judaberg. For å bli med må du finne de sju gullegga og lese hele historien. Last ned appen «Trimpoeng», registrer deg og bli med i konkurransen «Finnøy topptur 2021». Post 1 finner du på ei vindusflate i nærheten av Innbyggertorget. Premie trekkes ut blant de som har sjekket inn og funnet alle postene.

JAKTA PÅ GULLEGGET  KAPITTEL 7

No var eg i ferd med å gje opp alt. Eg kom aldri til å klare å finne ein gøymestad for meg og gullegget mitt. Brått kom ein bil køyrande i full fart. Det var bokbilen! Den stoppa ved sida av meg, døra gjekk opp, og der sat den snille bibliotekaren Merete!

«Fort deg! Hopp inn!», sa ho.

Eg var ikkje vanskeleg å be.

«Du er ikkje trygg her på Finnøy. Her er det mange som er ute etter deg. Difor skal du få bli med heim til Fogn», sa ho medan ho styrte den store bilen i retning ferjekaien.

«Hjå meg er du trygg. Der er det berre ein ting du må vakta deg for», sa Merete medan me køyrde om bord på ferja.

«Kva då», spurde eg forundra.

«Reven», svara ho.

Eg kjende fjæra reise seg på kroppen min.

«Reven», spurde eg med skjelvande røyst. Sidan eg var liten kylling hadde eg fått høyre at reven var farleg for høner. Dei gamle hønene hadde fortald skrekkelege historier om revar som fanga og åt høner.

«Ja, fognareven. Han er litt av ein luring. Han må du halda deg unna. Men ikkje vær redd, hønemor. Eg skal passa på deg».

Eg sukka Ja, ja, fognarev eller ikkje. I det ferja la frå kai på Judaberg kjende eg likevel at eg kunne senke vengene eit hakk. Merete skulle passe på meg. Hadde eg klart å koma unna både politikonstabelen, Ryfylkekokken, Øyposten-journalisten og Oddrun Merete, så skulle eg vel klare å kome unna fognareven og! Eg lukka auga. No trong eg verkeleg ein høneblund.  

Korleis trur du det går med høna på Fogn? Møter ho den lure fognareven? Skriv eit dikt eller ein tekst – eller lag ei teikning………

Lever  inn til Innbyggartorget på Judaberg eller til Biblioteket. Du kan også sende inn på mail om du vil det: finnoy.bibliotek@solvberget.no. Frist: innan måndag 12.april 2021.

Trimpoeng-appen
Google+