Hopp til hovedinnhold

Første post på eggjakta

Dette er en påskekrim/eggjakt på Judaberg. For å bli med må du finne de sju gullegga og lese hele historien. Last ned appen «Trimpoeng», registrer deg og bli med i konkurransen «Finnøy topptur 2021». Post 1 finner du på ei vindusflate i nærheten av Innbyggertorget. Premie trekkes ut blant de som har sjekket inn og funnet alle postene.

JAKTA PÅ GULLEGGET  KAPITTEL 1

Hei du!

Du, ja!

No skal eg fortelje deg ein løyndom.

Kan ikkje høner snakke seier du?! Det kan dei vel.

I alle fall kan eg det.

Du skjønar det, eg er inga vanleg høne.

Eg bur på hønsefarmen til Oddrun Merete på Hopen på Finnøy saman med hundrevis av andre høner. På Hopen har me det fint og får mat, husrom og kjærleik.  Til gjengjeld får Oddrun Merete alle egga me legg. Og det er ikkje reint få.

Men det ho ikkje visste – er at eg kvar påske legg eit gullegg!

Men no veit ho det.

Det var aldri meininga at Oddrun Merete skulle finne ut om gullegga, men akkurat denne påska kom ho overraskande på meg akkurat idet eg la gullegget.

Ho blei ellevill.

«Eit ekte gullegg! No bli eg rik», ropte Oddrun Merete og tok frem telefonen.

«Eg ringjer til Ryfylkekokken. Han har alltid hatt lyst til å lage ei gullomelett, og kjem sikkert til å betale minst ein million kroner for dette egget». 

Eg var nær ved å dette av vaglepinnen min.

Ein million kroner!

Aldri i livet om gullegget mitt skulle bli omelett i Ryfylkekokken si steikepanne!

Medan Oddrun Merete stod med ryggen til tok eg egget og sneik meg ut den opne døra.

Men kvar skulle eg ta vegen?

Eg hadde høyrt at det var mange hus på Judaberg. Kanskje eg kunne finne ein stad å gøyme egget mitt der? 

Så eg byrja gå.

Eg gjekk.

Og eg gjekk.

Det var langt frå Hopen til Judaberg. Og gullegget var tungt å bære.

Plutselig kom det ein raud bil med gul stripe køyrande.  «Posten» stod det på den. Ei dame gjekk ut og putta brev og aviser i ei lita grøn kasse. 

Ho skal sikkert til Judaberg, tenkte eg og hoppa inn i bilen.

Det viste seg å stemma, for få minuttar seinare stansa bilen. Eg hoppa ut og blei ståande å måpa.

Dette måtte være Judaberg. Det var jo rene metropolen!

Men eg hadde ikkje tid til å stå her og gapa med nebbet. Eg måtte leita etter ein gøymestad. Eg sneik meg rundt eit hushjørne, og var nær ved gå rett på politikonstabel Svend Erik. Han stod å snakka i telefonen:

«Kva er det du seier, Oddrun Merete?! Har du ei høne som legg gullegg?! Og nå har ho stukke av? Det er det verste eg har høyrt. Ja, me skal sjølvsagt arrangere ein storstilt leiteaksjon».

Å nei!

No var politiet etter meg og. Eg måtte gøyme meg - og det fort.

Eg såg meg rundt, og fekk auge på eit stort murhus. Innbyggertorget, stod med store bokstavar på eit skilt. Kanskje eg kunne gøyme gullegget mitt her? Eg smatt inn døra.  Kan tru det var fint der inne. Grøne planter, benkar med saueskinn og små bord med stolar. Det lukta nytrukken kaffe og rundt borda satt det folk og prata. Eg sneik meg inn og såg meg rundt etter ein gøymestad. Med eit gjekk ei dør opp og ut kom ein mann i kvit trøye, forkle og en rar høg hatt. Hjarta mitt gjorde eit hopp i brystet. For eg visste altfor godt kven dette var. Ryfylkekokken! Han som ville lage gullomelett av egget mitt. Eg hadde spankulert rett inn i løvas hole! Heldigvis kunne han ikkje sjå meg der eg stod bak ei plante. Så snart han snudde ryggen til sprang ut gjennom døra. Phu! Det var nære på!

Trimpoeng-appen
Google+