Hopp til hovedinnhold

Eggjaktas tredje del

Dette er en påskekrim/eggjakt på Judaberg. For å bli med må du finne de sju gullegga og lese hele historien. Last ned appen «Trimpoeng», registrer deg og bli med i konkurransen «Finnøy topptur 2021». Post 1 finner du på ei vindusflate i nærheten av Innbyggertorget. Premie trekkes ut blant de som har sjekket inn og funnet alle postene.

JAKTA PÅ GULLEGGET  KAPITTEL 3

No var eg ganske lei av å være på rømmen. Men eg kunne ikkje gje opp. Eg måtte finne ein gøymestad. Eg traska nedstemt vidare. Også det neste huset eg kom til var låst, men til mi store glede var det ei lita luke ved sida av inngangsdøra. Den var akkurat stor nok til at eg klarte å presse meg inn. Forundra såg eg meg rundt. Så fint det var her inne. Det var hyller med bøker overalt, og det var innbydande stolar og mjuke tepper. Eg var så oppteken av å sjå på alt rundt meg, at eg eg  ikkje oppdaga dama som kom bort til meg.

«Kven er du for ei», spurde ho.

Eg hoppa høgt. Å nei. No var løpet køyrd, tenkte eg.

Men dama, som sa ho heite Merete og var bibliotekar, såg snill ut. Kanskje ho kunne hjelpa meg? Eg bestemde meg for å fortelje henne alt. Om Oddrun Merete, politikonstabelen og Ryfylkekokken som var ute etter meg. Dama lytta, og verka ikkje det minste forskrekka over å møte ei snakkande høne som kunne legge gullegg.

«Stakkars vesle deg», sa ho.

Brått høyrde me eit rabalder utanfor. Der stod Ryfylkekokken, politimannen og Oddrun Merete og dundra på døra. Merete gjekk bort for opna, og heile den vesle forsamlinga velta inn.

«Har du sett ei høne med eit gullegg», spurde dei i munnen på kvarandre.

Merete sette opp ei streng mine.

«Nei, det har eg ikkje! Og de kan ikkje berre storma inn her. Dette er eit bibliotek. Her likar me ikkje bråk», sa ho og føysa alle tre ut døra.

Diverre fekk ikkje eg med at dama frå biblioteket ikkje sladra på meg. Eg blei nemleg så redd då eg såg dei tre som jakta på meg, at eg sprang ut bakvegen så fort beina kunne bere meg.   

No byrja eg bli å bli sliten av all leitinga. Men eg måtte ikkje gi opp. Eg måtte finne ein stad å gøyme gullegget mitt. Eg såg eit nytt stort hus ikkje langt frå biblioteket. Det såg ikkje ut til å være nokon der.

Trimpoeng-appen
Google+