Hopp til hovedinnhold

Del to av eggjakta på Finnøy

Dette er en påskekrim/eggjakt på Judaberg. For å bli med må du finne de sju gullegga og lese hele historien. Last ned appen «Trimpoeng», registrer deg og bli med i konkurransen «Finnøy topptur 2021». Post 1 finner du på ei vindusflate i nærheten av Innbyggertorget. Premie trekkes ut blant de som har sjekket inn og funnet alle postene.

JAKTA PÅ GULLEGGET  KAPITTEL 2

Nei, eg måtte sjå meg om etter ein annan stad å gøyme egget mitt. Eg la merke til eit lite kvitmåla hus som låg for seg sjølv lenger oppe i bakken. Det såg koseleg ut. Kanskje eg kunne gøyma meg der? Eg la i veg opp bakken. Det var eigentleg ein underleg stad, utanfor stod det fleire skulpturar og statuer. Nokre av dei såg litt skumle ut. Eg fann eit vindauge og kikka inn. På veggane hang fleire flotte fargerike bilete. Viss eg berre kunne kome meg inn, men vindauga var lukka og døra var låst. På eit skilt stod det «Alarm» med raude bokstavar. Eg visste kva ein alarm var. For det hadde Oddrun Merete i hønsehuset. Dersom uvelkomne prøvde å ta seg inn ville det utløysa ein høg lyd, og politiet ville koma. Eg sukka. Her kunne eg heller ikkje bli.  Eg måtte vidare.

Trimpoeng-appen
Google+