Hopp til hovedinnhold

Lånereglement for Sølvberget (nynorsk)

Sølvbergets lånereglement blei vedteke av Utvalg for kultur, idrett og samfunnsdialog i Stavanger kommune 10. november 2021.

1. Heimel

Med heimel i Lov om folkebibliotek av 20. desember 1985 nr. 108 § 4 tredje leddet, vedtek Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog i Stavanger kommune reglement for Sølvberget bibliotek og kulturhus.

 

2. Verkeområde

Dette reglementet gjeld for alle lån ved Sølvberget bibliotek og kulturhus med filialar. Reglementet gjeld også bruk av sjølvbetent bibliotek.

 

3. Formål

Reglementet har til formål å regulera tilhøvet mellom lånar og Sølvberget bibliotek og kulturhus som vert etablert når lånar registrerer seg i låneregisteret, samt fastsetja ordensreglar for bruk av biblioteket.

 

4. Gratisprinsippet

Det er gratis å låna for alle med lånerett.

 

5. Kven kan bli lånar

Alle som har bustadadresse i Noreg, kan bli lånarar. Alle som skal låna må ha bibliotekkort. Dersom du har et nasjonalt bibliotekkort utskrive ved eit anna bibliotek, kan du aktivera det ved Sølvberget bibliotek og kulturhus.

1. Vaksne (over 18 år): Du kan få utskrive nasjonalt kort hos oss. Enten ved å signera digitalt gjennom ID-porten, eller ved å møta opp personleg og visa fram godkjend legitimasjon*.

2. Barn (under 18): Alle barn kan få bibliotekkort, men for barn under 15 år må føresette sin kontaktinformasjon fyllast ut i registreringsskjemaet. Barnet må møta med føresette ved utskriving av kort første gong. Føresette må visa legitimasjon. (Unntak: Når barn får nytt bibliotekkort ved skulebesøk, held det med digitalt signert skjema frå føresette). Frå fylte 15 år kan du få utskrive bibliotekkort sjølv, enten ved å signera digitalt gjennom ID-porten, eller ved å møta opp personleg og visa fram godkjend legitimasjon*.

3. Institusjonar kan etter avtale få bibliotekkort for materiale som skal brukast til eiga verksemd. Institusjonen må oppgi ein ansvarleg person. Tap og skadar må erstattes etter samme reglar som for personlege lånere. Institusjonskort skal ikkje brukast til private lån.

 

6. Personvernerklæring

Sølvberget bibliotek og kulturhus ivaretek lånaren sitt personvern og personopplysningane vert handsama i samsvar med Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) og den til eikvar tid gjeldande lovgjeving elles.

Sølvberget bibliotek og kulturhus har utarbeidd ei personvernerklæring (lenke kommer) som viser kva for personopplysningar som vert mottekne, samla inn og hansdama når ein registrerer seg som lånar, brukar «Min Side» og går inn på Sølvberget sine nettsider.

Med personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knytast til lånar som enkeltperson. Sølvberget oppfordrar lånar til å lesa nøye gjennom personvernerklæringa. Sølvberget bibliotek og kulturhus sine tilsette har underteikna erklæring om teieplikt.

 

7. Registrering

Lånarar stadfestar at biblioteket sitt reglement er lese og akseptert ved å haka av godkjenning av vilkåra i registreringsskjemaet. Lånenummeret gjeld også nasjonalt. Du må oppgi fødselsnummer. Personar med mellombels opphald skal oppgi D- eller DUF- nummer.

Låneren er til eikvar tid ansvarleg for at registrerte kontaktopplysningar, som adresse, telefonnummer, e-postadresse og liknande, er korrekte. Primært vil e-post og SMS verta nytta i kommunikasjon med biblioteket om denne er registrert. Dette gjeld meldingar om purring, orientering om reserveringar/tingingar og annan korrespondanse frå biblioteket.

8. Lån

For å låne på biblioteket må lånarar ha aktivert bibliotekkonto. Materialet biblioteket tilbyr er rettighetsbelagt i samsvar med  Lov om opphavsrett til åndsverk mv. (åndsverkloven), enten du låner det med deg heim eller brukar det i biblioteket. Dette gjeld alt materiale, både fysisk og digitalt. Lånarar er ansvarlege for å retta seg etter åndsverklova, og brot på på denne kan medføra sanksjonar.

Eigarar av bibliotekkort kan gjerast ansvarlege for tap biblioteket vert påført ved at andre misbrukar kortet. Føresette er ansvarlege for materiale lånt av barn/ungdom opp til 18 år.

Lånarar er ansvarlege for alle lån på kontoen sin og for at lånt materiale vert levert innan leveringsfrist. Lånetida er avhengig av materialtype. Biblioteket er ikkje ansvarleg dersom lånt materiale, fysisk eller digitalt, skadar lånaren sitt avspelingsutstyr.

 

9. Sanksjonar

Ved for sein levering, og ved tap eller skadar på lånt materiale, pliktar lånarar å betala gebyr etter gjeldande satsar.

Dersom materialet ikkje vert levert etter to purringar, vert materialet rekna som tapt, og lånaren må erstatta materialet etter fastsatte satsar. Ved innlevering av materialet fell biblioteket sitt krav på erstatning bort, men kostnader og gebyr må betalast. Ved tap av bibliotekkort får lånarar eit nytt kort mot eit fastsett gebyr. Tap eller tjuveri av bibliotekkort må meldast til biblioteket slik at kortet kan sperrast.

Brot på reglementets kan føra til tap av lånerett.

 

10. Ordensreglar

Alle som brukar biblioteket, pliktar å overhalda dei til eikvar tid gjeldande ordensreglar.

 

11. Særleg om sjølvbetent bibliotek

Alle lånarar over 16 år får tilgang til sjølvbetent bibliotek. Lånarar får tilgang gjennom elektronisk legitimering i døra. Denne tilgangen er personleg.

Føresette kan ta med seg sine eigne barn. Barn skal ikkje etterlatast åleine i biblioteket i sjølvbetent tid.

Det er videoovervaking i biblioteklokala. Opptak vert lagra etter gjeldande lov og forskrifter.

Overvakninga er av omsyn til tryggleiken til lånarane og som vern av biblioteket sitt inventar og utstyr. Enkelte rom og fasilitetar kan vera låst i sjølvbetent tid.

Opphald på sjølvbetent bibliotek er på eige ansvar.

 

12. Ikraftsetjing

Reglementet er vedteke av Utvalg for kultur, idrett og samfunnsdialog i Stavanger kommune 10. november 2021.

 

*Godkjend legitimasjon vil i denne samanhengen seia legitimasjon med eitt av desse tre typane identifikasjonsnummer: Norsk personnummer, D-nummer eller DUF-nummer.

Google+