Hopp til hovedinnhold

bob hund til Kapittel

Bob hund

Intimkonsert i Kunsthall Stavanger. Tekstvandring med vokalist Thomas Öberg. Opne øvingar. Samtale med Guttorm Andreassen. Kapittel får besøk av bob hund!

Bob Hund inntek Kapittel!

Bob Hund har dei siste åra ikkje berre eksperimentert på ulike måtar med kva eit rockband kan være, men også på ulike vis aktivt engasjert seg i spørsmål om definisjonsmakt, ytringsfridom og tilgangen til det offentlege rommet. Den anerkjente tekstforfattaren Thomas Öbergs penn har frå første single bidratt til å gje bandets musikk litterær, poetisk kvalitet. Så kva passar då betre enn at akkurat Bob Hund blir invitert til samarbeid med Kapittel?

image001

I festivalveka byr bandet på ei rekke programpostar. Sjølvsagt vert det konsert, på Stavanger kunsthall fredag 21. september. På same billett den kvelden får heldige publikummarar òg med seg Føkkefjord. Duoen Maria Refsland og Erik Johan Egenes, som har kjent kvarandre sidan barnehagen, lagar herlig visepunk frå Flekkefjord med anarkistisk snert. Sjekk dei ut.

bob hund kjem også til å dukka opp fleire stader. Ei utstilling med sitat frå bandets tekstar vert hengt opp på festivalen, og torsdag 20. september kjem Thomas Öberg til å ha ei vandring rundt på Sølvberget, kor publikum kan gå blant dei utstilte sitata og høyra hans forteljingar om tekstane. Eit unikt innblikk i hans kreative prosess og poetiske verd.

- Eg seier som Martin Kanns far; Ta fram nattlua, eg skal snakka i ho! lovar Thomas Öberg.

Opne øvingar – og me treng trommisvikar!
Men ikkje nok med det. Bandet er også i Stavanger for å samarbeida med Kapittel om å spela inn sitt nye album, i studioet Elektrolüd. Plata kjem i 2019. Laurdag 22. september blir fansen invitert til open øving og skaping av ny musikk saman med bandet! Trommisen Christian Gabel har reist tidleg heim til Sverige, så dei treng vikar! Har du lyst til å spele trommer for Bob Hund? Send en e-post til bobhund@kapittel.no , skriv litt om deg sjølv, kva erfaring du har med å spille trommer og om du har ein favorittlåt av Bob Hund du har lyst til å spela med på. Alla utom Bob Hund vet hur det ska gå.

Avslutningsvis vert besøket i Stavanger avrunda med at det 25-årsjubilerande bandet vert intervjua med publikum i salen av Guttorm Andreasen, ein av Norges mest respekterte musikkjournalistar.

Bob Hund på Kapittel 2018:

Torsdag 20. september: Sitatvandring med Thomas Öberg. Ein tur rundt i Sølvberget som startar i musikkhjørnet i tredje etasje. Start 17.00.
Fredag 21. september: bob hund-konsert. Unik konsert i intimt format på Stavanger Kunsthall. Dørene opnar 20.00.
Laurdag 22. september: Opne øvingar. Bandet byr fansen inn i musikkskapinga. Loftet, Tou Scene.
Laurdag 22. september: Samtale med Guttorm Andreassen. Tou scene 18.00

 

Google+