Hopp til hovedinnhold

Vil du vera Kapittel-frivillig?

Frivillig til Kapittel

Kapittel treng frivillige for å skapa ein god festival.

Me treng frivillige til alle typer oppgåver, og det er ein fordel om du snakkar flere språk. Registrer deg som frivillig i dette skjemaet!

Fordeler ved å vera frivillig under Kapittel:

  • Du treffer mange hyggelege og interessante menneske.
  • Du får innblikk i å avvikla eit stort arrangement.
  • Du får gratis festivalpass.
  • Du får t-skjorte med festivalens logo.
  • Du får arbeidsattest (frivillig arbeid gjer seg bra på CV-en).
  • Du får invitasjon til sosiale samlingar på Sølvberget.

I tillegg til å vera gode ambassadørar for festivalen, kan dette vera nokre av dei aktuelle oppgåvene som frivillig:

  • DØRVAKT/BILLETTØR. Som dørvakt og billettør tek du imot billettar/skannar billettkodar ved inngangen til arenaen, og passar nødutgangane. Dørvakt hjelper med å rydda før og etter arrangement og bidreg med det arenaansvarleg treng. Ved enkelte arrangement sel ein óg billettar. 
  • KANTINEVERT. Kantinevertane sørger for at gjester/foredragshaldarar og frivillige ikkje er svoltne! Dei held orden, og sørger for at kantina er ein hyggeleg stad å vera.
  • FESTIVAL- OG BILLETTKONTOR. Festivalkontoret er delt i to soner. I billettskranken er det sal av billettar, i forkant og under festivalen. Festivalkontoret passar på at gjestene/foredragshaldarane får den hjelpa dei treng. Festivalkontoret og billettskranken er viktige informasjonspunkt der ein hjelper store og små og løyser store og små utfordringar. Det er og ein viktig møtestad for både gjester, frivillige og tilsette. Dersom det vert endringar i programmet undervegs, sørger festivalkontoret etter beste evne å gjera dette kjent.
  • INFORMASJONSSPREIAR. Som informasjonsspreiar sørger du for at folk i Stavanger og omegn veit at Kapittel finn stad, både før og under festivalen. Ein viktig del er distribusjon av program og plakatar, samt å vera synleg i bybildet under festivalen med informasjonsmateriale.
  • ARENAANSVARLIG. Sørger for at arenaen er klar og ryddig for publikum og gjester. Sørger for at gjester og foredragshaldarar har vatn på scena og det dei elles måtte trenga. Har ansvar for å telja kor mange besøkende det er på arrangementet, og rapporterer talet til festivalkontoret.
  • RIGGAR. Som riggar på Kapittel hjelper du med å klargjera arrangementslokale. Nokre gonger er det tunge løft og høgt tempo. Samarbeider med teknisk personell. Alt du treng er normal fysikk og arbeidsvilje!
  • TRANSPORT/SJÅFØR. Som sjåfør køyrer du utstyr og gjester/deltakarar til og fra flyplassen og nokre gonger mellom arrangementslokala.
 

Kontaktperson

Send e-post til Espen Røsbak , festivalsjef.

Google+