Hopp til hovedinnhold

Takk for i år!

Kapittel18

Kapittel-besøket held seg stabilt trass ekstremvêret Knud som råka festivalen midtvegs.

Dette var Kapttel18 i tal:

  • 133 arrangement
  • 10 797 publikummarar
  • Ca. 170 gjester

Tore Renberg begeistra med sitt opningsforedrag om nynorskens kår i Stavanger. Olaug Nilssen demonstrerte litteraturens sprengkraft då ho svarte på spørsmålet om kvifor litteratur er viktig: Hennar brageprisvinnande bok "Tung tids tale", om korleis det er å leva med ein autistisk son, bidrog mellom anna til at spesialskulen Tveiterås i Bergen ikkje vart nedlagt. Simon Strauss kom til Kapittel med eit dristig foredrag om kva som skal til for å bevara og styrka Europa sin identitet. Bob Hund var festivalband og baud på tekstvandring i biblioteket, open øving på Tou Scene, djupneintervju og ikkje minst ein konsert på Kunsthall Stavanger som kjem til å bli hugsa lenge. 

Festivalen vart avslutta på Rennesøy, Mosterøy og Finnøy, med Tønes, Geert Mak, Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen blant gjestene.

Kapittel er både ein litteratur- og ytringsfridomsfestival. Parallelt med Kapittel har det norske nettverket av fribyar for forfølgde forfattarar hatt nettverksmøte. Og for fjerde år på rad har eksilforfattarar og norske omsetjarar møttest til verkstad på Kapittel. Mansur Rajih fyller 60 år i år, og kom til Noreg som fribyforfattar for 20 år sidan. Det vart feira med festforestilling på Kapittel.

3500 elevar deltok på Bokmerke, som er Kapittels barneprogram. Bibliotekseminaret samla biblioteksbransjen til debatt og fagleg påfyll. 

- Eg er godt nøgd. Me har hatt mange fulle og nesten fulle hus, seier festivalsjef Espen Røsbak. At besøkstalet gjekk ned frå i fjor, trur han mellom anna heng saman med ekstremvêret Knud, som råka Rogaland på Kapittel-fredagen. Meteorologane oppmoda folk til å halda seg inne.

I år handla Kapittel om samhald. Dagen etter festivalen høver det å minna om eit ord som rimar: Framhald. Velkommen tilbake til Kapittel19, 18. - 22. september 2019!

Besøkstal Kapittel:

  • Kapittel 18: 10 797
  • Kapittel 17: 11 907
  • Kapittel 16: 12.537
  • Kapittel 15: 11.250
  • Kapittel 14: 11.107
  • Kapittel 13: 10.299 
  • Kapittel 12: 9923
  • Kapittel 11: 9837
  • Kapittel 10: 9863
  • Kapittel 09: 7812
  • Kapittel 08: 5491
Google+