Hopp til hovedinnhold

Sara Omar, Geert Mak og Lena Andersson blant festivalgjestane

Gjestar til Kapittel18

Me løftar litt på sløret om årets Kapittelfestival.

Det blir samhald i mange former under årets festival. Me skal få dei rundt hundre gjestane til å snakka, synga, samtala og lesa om så ulike tema som familie, internasjonalt samarbeid og språkleg identitet i løpet av fem dagar i september. Det blir sjølvsagt òg et utval av det beste frå bokhausten, og noko av det mest spennande me har funne i den omsette litteraturen i 2018.

Blant dei gjestane som me kan bekrefta til no er dansk-kurdiske Sara Omar, forfattar av romanen Dødevaskeren, som skapte stort oppstyr i Danmark på tampen av fjoråret for direkte skildringar av æresvald og undertrykking.

Geert Mak er ein annan gjest me er glade for å kunne bekrefta. Mak kjem tilbake til Kapittel med ferske tankar om eit Europa som er i ferd med å forlata tanken om samhald over heile kontinentet. 

Lena Andersson gler me oss òg til å presentera. Ho er aktuell med Sveas son: en berättelse om folkhemmet, ein roman med utviklinga av det svenske sosialdemokratiet som bakteppe. 

Under er heile lista. Me lovar å skriva meir om dei enkelte gjestane etter kvart og sjølvsagt sleppa fleire namn og programpostar om ikkje lenge. Hugs at salet av festivalpass er i gang .

Blant dei som kjem til Kapittel 18

  • Alain Mabanckou
  • Amalie Kasin Lerstang
  • Brit Aksnes
  • Ellen Ekman
  • Erlend O. Nødvedt
  • Geert Mak
  • Janne Stigen Drangsholt
  • Jenny Jordahl
  • Kari Stai
  • Kaspar Colling Nielsen
  • Kjell Westö
  • Lena Andersson
  • Lina Wolff
  • Lone Aburas
  • Nancy Herz
  • Niels Fredrik Dahl
  • Sara Omar
  • Sigrid Rausing
  • Simon Stranger
  • Simon Strauss
  • Steffen Kverneland
  • Sylfest Lomheim
  • Tor Bomann-Larsen
  • Tor Åge Bringsværd
  • Tore Renberg
  • Tønes
  • Zeshan Shakar
 
Google+