Hopp til hovedinnhold

Podcast: Tore Renberg om romanen Tollak til Ingeborg

Tore Renberg på Kapittel20

- Det eg trur Tollak opplever, til liks med andre som lever i dag, er at tempoet er ekstremt.

I Tollak har Tore Renberg skapt nok ein romanfigur som er umogeleg å gløyme. Høstens bok Tollak til Ingeborg fekk mykje ros frå kritikarane, og fekk Bokhandlerprisen i 2020.

I boka skildrar Renberg ein eldre mann som slit med å passe inn i tida. Forfattaren var gjest på Kapittelfestivalen i 2020, der han vart intervjua av journalist Harald Birkevold. Om årets bok, men òg om korleis forfattarskapet har endra seg sidan debuten i 1995.

- Min inngang til litteraturen har alltid vore karakter-orientert. [...] Eg likar mangfaldet. All ære til Dag Solstad og Bob Dylan for alltid å høyrest ut som seg sjølv. Dei er gode til det. Men eg har lyst vere veldig mange. Viss eg har eit talent, så er det truleg dette. Eg trur det hadde vorte eit dårleg forfattarskap viss eg hadde skrive det same heile vegen.

Få også med deg:


Google+