Hopp til hovedinnhold

Podcast: Leksikon om lys og mørke

Simon Stranger foto: Andrea Rocha

Simon Stranger fekk Bokhandlerprisen for Leksikon om lys og mørke i 2018, og bevega alle som fekk med seg bokpraten hans på Kapittel. Høyr det her.

Leksikon om lys og mørke er ein av dei mest omtalte titlane i den norske bokhausten 2018. Stranger tek føre seg lagnaden til svigerfamilien, familien Komissar, i Trondheim under andre verdskrigen. Boka er og eit portrett av landssvikaren og torturisten Henry Rinnan. Etter krigen flytta svigerfamilien inn i huset som banden hans hadde brukt under krigen.

Simon Stranger har skrive bøker for born, ungdom og vaksne, og Leksikon om lys og mørke er seld til ei rekkje land.

Lån bøker av Simon Stranger på Sølvberget.

 

Fleire podcastar frå Kapittel:

 
Google+