Hopp til hovedinnhold

Panenka og andre klassiske fotballstraffer

Nils Henrik Smith og Ørjan Zazzera Johansen

Straffesparket vippar fotballkampen for ei kort stund ut av sitt faste mønster: Lagkampen 11 mot 11 vert redusert til ein mot ein. Nils Henrik Smith har skrive bok om straffesparkets historie.

Saman med Ørjan Zazzera Johansen danna han ein dynamisk Bryne-duo på topp (av scena) som brakte fotball til Kapittel-folket laurdag.

Forslag frå irsk keeper

11 meter - straffesparkets historie (lån boka på Sølvberget) er boka om straffesparkets opphav og særtrekk. Som det meste innan fotball kjem straffesparket frå Storbritannia. Då fotballen vart profesjonalisert mot slutten av 1800-talet, bleikna gentleman-ideala litt meir for kvart år. Skåringsforsøk vart avverga på alle tenkjelege og i dag fullstendig lovlause måtar, utan at det fekk større konsekvensar for den som gjorde det.

11 meter av Nils Henrik Smith

Til slutt var det ein irsk målmann som foreslo straffesparket som ei høveleg løysing på aukande lovløyse i målgarden. Han vart sjølvsagt nedsabla for reform-iveren. Framlegget om innføring av straffespark var mest eit teikn på at denne keeperen var ein utilslørt ekshibisjonist på jakt etter merksemd, meinte kritikarane.

Men straffesparket vart innført i 1891. Sidan 1901 har straffesparket vore slik vi kjenner det i dag: Eit skot mot mål frå ein prikk drygt 11 meter frå mål. Det som fyller straffesparket med drama, er at sjansen for å skåre, er så stor. Det "skal" bli mål, og vert det i ca. 80 prosent av tilfella. Til samanlikning vert det skåra på mindre enn halvparten av straffene i ishockey.

Norsk straffespark-eksperiment i 1987

Straffesparket spelte ei sentral rolle i norsk fotball  i 1987. I eit forsøk på å fri til publikum, gjekk uavgjorte kampar til straffespark. Lag som vann kampen i ordinær tid, fekk tre poeng, siger etter straffespark gav to poeng, uavgjort etter ordinær tid eitt poeng og tap i ordinær tid null poeng. Ordninga fekk ikkje avgjerande innverknad for seriemeisterskap (Moss vann) eller nedrykk, men Tromsø fekk sju poeng meir enn dei ville ha fått utan straffesparka, fortel Smith.

Straffespark etter uavgjorte seriekampar varte berre ein sesong, men tre poeng for siger gjeld framleis.

Nils Henrik Smith trekkjer fram Harry Kane (Tottenham), Robert Lewandowski (Bayern München) og Mario Balotelli (Brescia) som gode straffeskyttarar i dag.

- Dei beste straffeskyttarane har eit repertoar av ulike variantar dei nyttar. Sjølv Sergio Ramos (Real Madrid) beherskar chip-straffe, seier Smith.

Ikke Noreg - Brasil, men desse

Alle som hugsar 1998 veit kvar dei var då Kjetil Rekdal skåra på straffe mot Brasil i VM. Den skåringa var ikkje Zazzera og Smith innom i samtalen på Kapittel, men dei snakka om desse straffesparka:

Google+