Hopp til hovedinnhold

Kapittel-forfattarar som skriv på nynorsk

Kapittel-forfattarar som skriv på nynorsk

Språket vårt er farga av avtrykk gjennom fleire generasjonar, frå alle deler av vårt langstrekte land. Kva passar vel då betre enn å lese på skriftspråket som er nærast dei fleste norske dialektar, og som for mange kjennes særleg poetisk? Om du skal skrive skoleoppgåve, vil lesa noko nærare di eiga dialekt, eller berre vil lesa ei framifrå bok, kan Kapittel i år by på eit godt utval forfattarar som brukar nynorsk.

Puslingar av Atle Berge

27. mars 1980 kantra bustadplattforma Alexander L. Kielland i Nordsjøen, og 123 oljearbeidarar døydde. Tenåringsjenta Marita og familien hennar sit heime og ventar på å få vite kva som har skjedd med faren Jonny. Marita drøymer om å bli oljeingeniør, og boka følgjer livet hennar gjennom ungdomstid med forelsking og opprør, prega av den dramatiske ulykka. Ho vil ha svar på kva som skjedde med Kielland-plattforma slik at nokon skal stillast til ansvar. Omtalen er utarbeidd av BS.

Puslingar

 

Tollak til Ingeborg av Tore Renberg

Tore Renberg er kjend for sine lysande portrett av vanlege og uvanlege menneske, og ikkje minst norske menn – den intense antihelten Jarle Klepp, den bisarre gjengleiaren Jan Inge, den høgreiste fastlegen Steinar i Du er så lys. Årets roman frå Tore Renberg fortel om Tollak, ein mann som har sterke krefter i seg – til arbeid, til kjærleik og til destruksjon. Omtalen er utarbeidd av forlaget.

9788202645625

 

Sterke kjenslar og andre dikt av Kristin Auestad Danielsen

Blant ting og tang i tradisjonen etter Olav H. Hauge og Gertrude Stein har Kristin Auestad Danielsen skrive ei samling dikt om heimstaden, heimen, romma vi bur i, og tinga vi omgir oss med. I eit lett og leikent språk som samtidig er prega av eit eksistensielt alvor, skriv ho om å vere barn, om å bli vaksen og om å vere mor, om fellesskapen mellom mor og dotter og om alle kvardagane som rommar livets drama. Omtalen er utarbeidd av forlaget.

Sterke kjensler

 

Hardanger av Marit Eikemo

Tre framande deler ei flaske sprit i et skur på Kvanndal Kai ei natt før jul. Ei kvinne sit i bilen med tenåringsdottera si. Ho har bestemt seg for å vise den likegyldige jenta staden ho sjølv kjem frå. Ein mann har fått inn ei bestilling på femti liter sider, men produksjonen går ikkje heilt etter planen. Novellene er forteljingar om heim og tilhøyrsle, og det unike i det lokale. Marit Eikemo har skrive til saman fem romanar, og ho vann Amalie Skram-prisen i 2017. Omtalen er utarbeidd av BS.

Hardanger

 

La oss ta den blå himmelen med storm av Odveig Klyve

Diktsamlinga fortel historia om ein politisk prosess med store motsetningar, nemleg utbygginga av dei såkalla monstermastene i Hardanger. Den reiser spørsmål som vedkjem oss alle om forvaltninga av naturen. Odveig Klyve levendegjør sammenhenger og konflikter mellom mennesker, natur og samfunn på en helt særegen måte i denne sterke og viktige diktsamlingen. Omtalen er utarbeidd av forlaget.

9788202491475

 

Steinauge av Oda Malmin

Ingeborg og Randi er syskenbarn og har vore vener sidan dei var små. Men valde dei eigentleg kvarandre? Ingen av dei fekk akkurat det livet dei såg for seg. Ingeborg skulle ikkje bli bonde, men blei det. Randi skulle aldri flytte heim etter at ho reiste, men gjorde det. Så blir Randi alvorleg sjuk. Dei blir begge tvinga til å vende blikket bakover, og med eitt er forholdet mellom dei blottstilt og endevendt. «Steinauge» er ein roman om å vera avhengig av andre, om korleis det både kan knyte oss saman og øydelegga oss. Dette er Oda Malmins debutbok. Omtalen er utarbeidd av BS.

Steinauge

 

Dei sju dørene av Agnes Ravatn

Nina Wisløff er ein vonbroten førsteamanuensis i litteratur ved Universitetet i Bergen. No skal huset ho deler med ektemannen i Birkeveien, den travle helsebyråden Mads, rivast for å gjere plass til den nye traséen til Bybanen. Dei treng ein ny plass å bu, og Nina reiser på synfaring med dottera Ingeborg. Men brått forsvinn leigebuaren deira, åleinemora Mari Nilsen. Etterforskinga blir raskt lukka, og stille tek Nina på seg oppgåva med å finne ut av kva som skjedde. Oppdaginga hennar viser seg å få store konsekvensar for både ho og resten av familien. Omtalen er utarbeidd av BS.

Dei sju dørane

 

Mørke: stjerner, redsel og fem netter på Finse av Sigri Sandberg

Har mørket blitt ein avgrensa ressurs? Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever? ' Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934. Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur? Omtalen er utarbeidd av forlaget.

Mørke

 

Snøen stryk ut alle spor av Lars Ove Seljestad

I en industriby i en vestlandsfjord har en tolv år gammel farløs gutt vært hos rektor og fått med seg lapp hjem som han skal vise til moren. Så langt kommer han aldri. Det snør og han blir syklende rundt på kaia med lappen i baklomma med tanker og minner kvernende rundt i hodet. Under halvtaket på et repos like ved viser de andre guttene fra klassen sine sykkelkunster for hverandre. Han er utstøtt. Hjemme i leiligheten er moren. Hun er ute hver natt og drikker sammen med andre likesinnede. Om dagen sover hun og går på piller utskrevet av fastlegen. Hun har også minner. Gjennom disse to fortelles en roman om overgrep, omsorgssvikt og mobbing på skole og i lokalsamfunn, og om en mann og en far som var lyset og tryggheten, og som ga gutten ansvaret for moren og lillebroren da han ble syk. Familien er alt han har. Romanen er en proletarballade om å bli voksen i en hard verden. Omtalen er utarbeidd av forlaget.

Snøen stryk ut alle spor

 

11 meter straffesparkets historie av Nils Henrik Smith

Nervepirrande, dramatiske, kontroversielle - straffespark har ein heilt særmerkt plass i fotballfolk sine hjarta. Meir enn tjue år etter at det hendte, kan alle nordmenn stadig hugse kor dei var då Kjetil Rekdal scora på straffe mot Brasil. Med ellevemetersmerket som omdreiingspunkt, tek den kritikarroste forfattaren Nils Henrik Smith lesaren med på ei høgst original og forunderleg reise gjennom straffesparkets brokete historie, frå den irske landsbygda på 1800-talet fram til dagens straffekonkurransar og VAR-kontroversar. Her er innsiktsfulle skildringar av legendariske skyttarar og målvakter. «11 meter» er eit oppkome av ukjende, ofte absurde anekdotar, fortalt med lidenskapen til ein ekte fotballkjennar. «Det beste som har skjedd norsk fotballitteratur sidan VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad. ... ei strålande fotballbok.» Stavanger Aftenblad, Terningkast 6

11 meter

 

Stavanger stories 3 av Terje Torkildsen

Døden viser ingen nåde. Han kan komma kva tid som helst til kven som helst, ungdomar og oldingar, passera forbi og setja ein strek. Og me skjøner med det same, at etter dette, blir ingenting som før. Betty fyller atten og er i ferd med å bli vaksen, men venninna hennar, Vanessa F., seriøst, kva er det ho driv med? Broremann veks òg, er blitt konfirmant og får seg kjærast, men er han i ferd med å veksa frå bestekompisen sin? Og Duxen har flytta heimanfrå, men vil han bli borte for alltid? Ingen veit kva tid det er over, kva tid hjartet sluttar å slå. Det kan skje kva tid som helst med kven som helst. Stavanger Stories 3 er siste bok i novellekransen om søskena Duxen, Betty og Broremann og menneska rundt dei. Det er forteljingar om liv og død – og alt innimellom, fortalde med humor og alvor. Omtalen er utarbeidd av forlaget.

Terje_torkildsen_stavanger_stories3_kolofon

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Verda mi smeltar : å leve med klimaendringer på Svalbard av Line Nagell Ylvisaker

Som journalist i Svalbardposten blei Line Nagell Ylvisåker, mellom anna, kjent med den arktiske øygruppa frå skuterryggen. Ho observerte midnattssol og høge fjell. Året var 2006, og gleda over dei vakre omgivnadane fortrengde dystre meldingar om temperaturauke på opptil åtte gradar før utgangen av 2100. Men gradvis ble endringane ikkje mogeleg å kome bort frå. Vårtemperaturen holdt seg stabilt over normalen meir enn åtte år på rad i Longyearbyen. To personar, ei lita jente og ein mann, mista livet i snøskred frå Sukkertoppen. Kraftig regnvêr førte til evakuering av hus som følgje av jordskred. I «Verda mi smeltar» har journalist Line Nagell Ylivsåker intervjua skredvarslarar, klimaforskarar og fangstmenn for å høyre kva dei seier om utviklinga, og korleis det er å leve med store endringar i klima rundt seg. Omtala er utarbeidd av BS.

Verda mi smeltar - å leve med klimaendringer på Svalbard

 

Oss imellom?: småprosa av Einar Økland

80-årsjubilant om litterære og menneskelege vennskap. Einar Økland er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. I si nye tekstsamling stiller han dei store og små spørsmåla: Kva vil det seie å vere ein venn? Korleis var det første møtet med Torborg Nedreaas? Og kva må ein å vite før ein går i gang på kjøkkenet? Korleis kjennest det når språkvaskaren rettar intenderte feil, og kva svarar Økland alle dei som spør han om stort og smått? Einar Øklands niande artikkelsamling er ein personleg og kunnskapsrik refleksjon over litterære og menneskelege vennskap. Blant dei vi møter i tekstane, er Jorunn Veiteberg, Georg Johannesen, Gunnar Lunde, Aksel Sandemose, Olav H. Hauge, Sissel Solbjørg Bjugn og Sigbjørn Obstfelder. Boka inneheld også fragment frå eit forfattarliv, utsnitt av norsk litteratur- og kulturhistorie, hyllest til antikvariat, bøker og trykksaker, og Økland skriv om poesi for barn, glansbilde og bukselommer. Omtalen er utarbeidd av forlaget.

Oss imellom

 

Tre meter med kniv av Eili Harboe 

«Tre meter med kniv» handlar om å vere forelska, om å vere ei dotter, ei syster, men heile tida vere på vakt, heile tida kjempe mot tårene, heile tida lengte, heile tida oppleve at kjenslene svir. Omtalen er utarbeidd av forlaget.

9788252198096_Harboe

Google+