Sara Omar, Geert Mak og Lena Andersson blant festivalgjestane

Me løftar litt på sløret om årets Kapittelfestival.
Det blir samhald i mange former under årets festival. Me skal få dei rundt hundre gjestane til å snakka, synga, samtala og lesa om så ulike tema som familie, internasjonalt samarbeid og språkleg identitet i løpet av fem dagar i september. Det blir sjølvsagt òg et utval av det beste frå bokhausten, og noko av det mest spennande me har funne i den omsette litteraturen i 2018.
Blant dei gjestane som me kan bekrefta til no er dansk-kurdiske Sara Omar, forfattar av romanen Dødevaskeren, som skapte stort oppstyr i Danmark på tampen av fjoråret for direkte skildringar av æresvald og undertrykking.
Geert Mak er ein annan gjest me er glade for å kunne bekrefta. Mak kjem tilbake til Kapittel med ferske tankar om eit Europa som er i ferd med å forlata tanken om samhald over heile kontinentet.
Lena Andersson gler me oss òg til å presentera. Ho er aktuell med Sveas son: en berättelse om folkhemmet, ein roman med utviklinga av det svenske sosialdemokratiet som bakteppe.
Under er heile lista. Me lovar å skriva meir om dei enkelte gjestane etter kvart og sjølvsagt sleppa fleire namn og programpostar om ikkje lenge. Hugs at salet av festivalpass er i gang.
Blant dei som kjem til Kapittel 18
- Alain Mabanckou
- Amalie Kasin Lerstang
- Brit Aksnes
- Ellen Ekman
- Erlend O. Nødvedt
- Geert Mak
- Janne Stigen Drangsholt
- Jenny Jordahl
- Kari Stai
- Kaspar Colling Nielsen
- Kjell Westö
- Lena Andersson
- Lina Wolff
- Lone Aburas
- Nancy Herz
- Niels Fredrik Dahl
- Sara Omar
- Sigrid Rausing
- Simon Stranger
- Simon Strauss
- Steffen Kverneland
- Sylfest Lomheim
- Tor Bomann-Larsen
- Tor Åge Bringsværd
- Tore Renberg
- Tønes
- Zeshan Shakar