Podcast: Tore Renberg om sitt eige og Stavangers forhold til nynorsk

Kvifor har nynorsk ikkje hatt ei sterkare stilling i Stavanger? Høyr Tore Renbergs opningsforedrag frå Kapittel18.
"Den paradokale nynorskforakten" var Renbergs overskrift. I kåseriet ser han nærare på både byen Stavanger og på sitt eige forfattarskap i lys av nynorsken.
- Då eg debuterte, hadde eg lest mykje bokmålslitteratur av veldig tydelege folk som Tor Ulven, og var, utan at eg sjølv var klar over det, innrullert i den normerte bokmålslitteraturklangen. Eg meistra den klangen ganske godt. Spørsmålet her er: Var den klangen min? [...] Nei, den var vel ikkje heilt min. Den hadde ikkje språkleg samklang med kjeften min, sa Renberg mellom anna.
Høyr foredraget her:
Fleire podcastar frå tidlegare Kapittel-festivalar: