Podcast: Kva er ein klassikar?

Du treng korkje skamma deg eller komma til kort i konversasjonen om du ikkje har lese litterære klassikarar.
NRK-trioen Janne Stigen Drangsholt, Bjørn Olav Skjæveland og Per Øystein Kvindesland gjer jobben for deg i radioprogrammet Utakt. Dei var gjester på Kapittel-festivalen i haust.
Så dersom du ikkje har lese Sult av Knut Hamsun, En glad gutt av Bjørnstjerne Bjørnson, Nokon kjem til å komme av Jon Fosse eller Jane Eyre av Charlotte Brontë, får du kortversjonane her:
NRK-serien deira er tilgjengeleg som podcast og heiter Kjente bøker på 4 minutter.
Her kan du høyra våre opptak frå Kapittel frå 2016 og framover: