Hopp til hovedinnhold

Kapittel får Målblomen for 2018

Espen Røsbak og fjorårsvinnar Klaus Mohn

Stavanger Mållag tildeler språkprisen Målblomen til Kapittel og Sølvberget. Festivalsjef Espen Røsbak er stolt og glad for tildelinga.

Alt festivalmateriell til fjorårets Kapittel var på nynorsk, ein idé Røsbak fekk tidleg i planlegginga av Kapittel18.

Grunnar for å velja nynorsk

- I 2018 fekk me fleire gode grunnar til å velja nynorsk som målform for festivalen: Samlaget fylte 150 år og Aasmund Olavsson Vinje hadde 200-årsjubileum. I debatten om kommunesamanslåing mellom Stavanger, Rennesøy og Finnøy er språk ein viktig markør, og temaet for Kapittel i fjor var Samhald. Kapittel skal vera ein festival for heile fylket, og då er det naturleg å nytta nynorsk i større grad.

Røsbak peikar på Tore Renbergs foredrag om nynorskens plass i Stavanger som eit av høgdepunkta på Kapittel18. Forfattarens kåseri om kvifor nynorsken står svakt i Stavanger blei starten på eit langvarig offentleg ordskifte.

- For målrørsla var talen til Renberg både ei overrasking og ei anerkjenning, heiter det i grunngjevinga for pristildelinga.

 

Publikums reaksjonar på nynorsk som Kapittel-målform var utelukkande positive. I 2019 går Kapittel tilbake til bokmål. Tema for årets festival er Kropp.

- Kva betyr denne prisen for Kapittels vidare arbeid?

- Det er ei oppmuntring for oss, og ein «tupp i ræva» for å få nynorskbruken vår i 2018 til å bli meir enn ein gimmick. Å skriva på nynorsk tvingar oss på Sølvberget til å bli meir kreative i språket, når det for mange ikkje er den naturlege målforma, seier Røsbak.

Tidlegare vinnarar av Målblomen:

  • 2017: Klaus Mohn, rektor UiS
  • 2016: Tore Renberg, forfattar
  • 2014: Anne Kalvig, fyrsteamanuensis
  • 2013: Jan Zahl, journalist og forfattar
  • 2012: Solveig Grødem Sandelson, journalist
 

Fant du det du lette etter

Spørsmål merket * er obligatoriske.

Takk for tilbakemeldingen!

Vi svarer ikke på henvendelser her, men din tilbakemelding hjelper oss å gjøre nettstedet bedre!

Google+