Hopp til hovedinnhold

Band som held saman

Band som held saman - Kapittel18

Musikkhistoria har vist at samhald i band kan vera utfordrande. På Kapittel får me besøk av Skambankt og Bob Hund. Begge har halde saman sidan byrjinga av 90-tallet, og lever framleis i beste velgåande. Vi får også besøk av Microbandet, som har skreddarsydd ein minikonsert til årets Kapittel-tema.

Onsdag 19.9 kl. 20.00 (Møteplassen, Sølvberget). Skambankt i samtale med Leif Tore Lindø

Skambankt starta tilfeldig i 1994, då eit anna band ikkje kunne ta ein spelejobb. Kameratgjengen frå Jæren har spelt saman, levd saman, reist saman og haldt saman sidan. Deira sjette album, Horisonten brenner, kom ut i februar i år.

Møt Skambankt og høyr dei snakka om samhald og harde tak med Leif Tore Lindø.

 

Torsdag 20.9 kl. 21.30 (Phil). Samhaldsmusikk: Microbandet

Med synth, gitar og tidvis reine harmoniar, blåser Microbandet nytt liv i populærmusikalske klassikarar. Bandet består av Kjersti Døssland og forfattar Brit Aksnes. Saman har dei skreddarsydd ein minikonsert til årets Kapittel-tema, og varmar opp med litt tilhøyrande prat.

 

Fredag 21.9 kl. 20.00 (Kunsthall Stavanger). Bob Hund + Føkkefjord

Det svenske kultbandet Bob Hund har halde på i over 25 år, og er framleis kjent som eit av dei beste livebanda i Skandinavia. Deira første EP kom ut i 1993 og fem år seinare var dei store stjerner, med klassiske hitar som Nu är det väl revolution på gång? og Jag rear ut min själ.

Det blir eit intimt og veldig spesielt høve til å oppleva bandet i Kunsthall Stavanger. På same billett får heldige publikummarar òg med seg Føkkefjord. Duoen Maria Refsland og Erik Johan Egenes, som har kjent kvarandre sidan barnehagen, lagar herlig visepunk frå Flekkefjord med anarkistisk snert.

Google+