Hopp til hovedinnhold

1918 og 1968

1918 og 1968

På kva måte pregar åra 1918 og 1968 oss i dag? Bli klokare på årets Kapittel.

Få med deg desse programpostane:

1918

Torsdag 20. september 17.30
Møteplassen, 1. etasje

Forfattarane Tor Bomann-Larsen og Kjell Westö møtest til samtale under leiing av Tom Hetland. Tor Bomann-Larsen er godt kjent for sine biografiar, blant anna storverket om kong Haakon og dronning Maud. Han står også bak romanen «Livlegen», som handlar om 77 døgn i 1918, då den russiske tsarfamilien sat i dei revolusjonære sitt fangenskap.

Kjell Westö er finlandsvensk forfattar og har fått ei rekkje prisar for sin forfattarskap, blant anna Nordisk råds litteraturpris. Hans bøker er oftast forankra historia til heimlandet Finland, og borgarkrigen i 1918 er sjølve navet i den finske historia.

1968

Søndag 23. september kl. 18.00
Otto-huset, Finnøy

Ingen årstal etter andre verdskrigen lyser like sterkt som 1968. Det var året då Robert Kennedy og Martin Luther King vart skotne, Sovjetunionen invaderte Tsjekkoslovakia, studentopprøret breidde seg frå land til land og Vietnam-krigen var på sitt mest intense.

Men 1968 baud óg på bryllaup mellom kronprins Harald og Sonja Haraldsen, The Beatles gav ut «The white album» og Norge vart beste nasjon i vinter-OL i Grenoble.

Joar Hoel Larsen og Eva Bratholm skildrar året i si bok «1968: Året da kjærligheten blomstret og verden sto i brann». Dei trekte fullt hus då dei vitja Sølvberget i vinter. Gjekk du glipp av det, får du høve igjen på Kapittel.

Billettsal og fullt program er på nett 21. september.

Google+