Hopp til hovedinnhold

La oss ta den blå himmelen med storm

La oss ta den blå himmelen med storm

Fredag 22. september, under Kapittelfestivalen, er du invitert til Gramstad i Sandnes for å oppleve poesikonserten La oss ta den blå himmelen med storm, med dikt av Odveig Klyve og musikk av Erlend Apneseth og Stephan Meidell.

I poesikonserten tilbyr utøvarane ei framsyning med nye dikt og nykomponert musikk med hardingfele, gitar og elektronikk, der miljøkamp  og konflikter mellom individ, samfunn og natur står i sentrum. 

Framsyninga skjer på STF-hytta på Gramstad, omgitt av fantastisk natur som passer temaet for prosjektet perfekt.

Plakat poesikonsert LA OSS TA DEN BLÅ HIMMELEN MEDSTORM  odveig klyve

Tekstane er henta frå diktsamlinga La oss ta den blå himmelen med storm (2015). Forfattar Odveig Klyve framfører dikta i dialog med musikarane og komponistane Erlend Apneseth og Stephan Meidell – musikk og  poesi blir formidla i ei utradisjonell form. Temaet i dikta er konflikten mellom individ, natur og samfunn, om teknologisk og kommersiell utnytting av urørt natur og gamle kulturlandskap eksemplifisert gjennom prosessen med utbyggjinga av monstermastene i Hardanger.

Musikken vekslar saumlaust mellom det komponerte og det improviserte, og blir framført med̊ hardingfele, gitar og elektronikk, der tradisjonsmusikken og utradisjonell musikk laga på tradisjonsinstrument, vil skapa ein sterk musikalsk dialog.

Musikken tek utgangspunkt i tekstane som innhald og som rytme, byggjer dette vidare til konkrete låtar og til meir abstrakte idear som klangbilde eller alternative teknikkar- med hardingfela og folkemusikken som basis.

 

 
Google+