Hopp til hovedinnhold

Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad er ei av dei viktigaste røystene i norsk samtidslitteratur. Han brakdebuterte med romanen Blind (2005) som sette omgrepet "klassereise" på dagsorden i den norske offentligheita. 

Sidan har dei skjønnlitterære verka gått heilt originale vegar, først med Frægd (2008) og så med Fjorden (2011). Den første av dei to skreiv inn ei saga- og rallarhistorie i ei forteljing om oppvekst på ein vestnorsk gard, den andre er ein sjølvgranskande far-son-tilhøvet-roman som handlar om at barnet er far til mannen. Isberg (2012) er ei samanveving av ei poetisk og fryktinngytande naturkrafts stemme og ein prosatekst om ein ung manns tap og fall.

Boka var nominert til Ungdommens kritikerpris. I 2013 debuterte Seljestad som lyrikar med Storspring. Eit fabrikkdikt som fikk lysande meldingar. Med Kjære bror (2014) var Seljestad tilbake i romansjangeren noko han også gjer med si siste bok, Ta hand om deg (2017). Ei bok om å skriva og å leva.

Google+