Hopp til hovedinnhold

Einar Økland

Einar Økland

(f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006.

Økland er frå Valevåg i Sveio, og er utdanna psykolog. Han debuterte som forfattar med diktsamlinga Ein gul dag i 1963 og har seinare følgt opp med romanar, skodespel, essay og barnebøker. I tillegg har han gjendikta store mengder utanlandsk lyrikk og poesi og vore ein sentral skikkelse i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar.

Frå Øklands omfattande og mangslungne produksjon har særleg tekstsamlinga Amatør-album (1969) og romanane Galskap (1971) og Stille stunder (1974) blitt ståande som klassikarar. Samtidig som dei er sjangeroverskridande og eksperimentelle, inneheld bøkene den særeigne ironien og humoren, dei burleske innfalla og det stilistiske mangfaldet som kjenneteiknar Øklands forfattarskap. Sjølv har Økland trekt fram diktsamlinga Vandreduene (1968) som ei av sine viktigaste bøker: «Alt eg seinare har skrive, tykkjast ha sprunge ut frå teksttypane i Vandreduene,» skriv han i etterordet til jubileumsutgåva av boka som blei gitt ut i 2010.

Google+